Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunedelplan for Gol tettstad - nytt offentleg ettersyn

Kommunedelplan for Gol tettstad er lagt ut til nytt offentleg ettersyn. Kommunedelplanen er ein overordna arealplan som legg grunnlaget for den langsiktige utviklinga i Gol tettstad. Tettstaden går frå Tuppeskogen i vest, til Petterbråten i nord, Gol sentrum i midten og ned til Herad i aust. Resten av kommunen er omfatta av ein eigen plan som heiter Kommuneplanen sin arealdel for Gol.

Plandokument

Kvifor skal kommunedelplanen ut på nytt offentleg ettersyn?

Kommunedelplanen låg fyrst ute til offentleg ettersyn i 2018. I samband med dette kom det motsegn frå Statens vegvesen, Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Viken fylkeskommune. Ei motsegn er ein form for klage frå statlege eller regionale etatar som betyr at kommunen ikkje kan vedta planen før problemstillingane i motsegna er løyst.

Kommunen løyste motsegna frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen i 2019. Statens vegvesen sine motsegn har vore meir utfordrande å løyse. Vegvesenet har ansvaret for riksvegane som går gjennom Gol, og dei har hatt motsegn mot at det ikkje har vore gjort gode nok utgreiingar av konsekvensane for trafikken på riksvegane. Kommunen har difor gjort fleire utgreiingar for å imøtekome dette, men det har teke tid. I mellomtida har det kome fleire planar som ikkje er i tråd med planforslaget som låg ute til offentleg ettersyn i 2018. Desse planane har kommunen måtte innarbeide i det nye forslaget til kommunedelplan, noko som har medført endringar frå planforslaget frå 2018.

Som innbyggar, utbyggar eller interessent i Gol har du rett til å bli høyrt når det skjer endringar i korleis Gol kommune skal utviklast.  

Kva endringar er gjort frå førre offentlege ettersyn?

Det er gjort fleire endringar og justeringar av forslaget til kommunedelplan frå det låg ute til offentleg ettersyn i 2018.

Den største endringa no er at kommunen ønsker å legge til rette for handel på resten av Storøyne, vest for Gol stavkyrkje. I dette området vil det vere tillatt med mellom anna plasskrevjande varehandel, som omfattar motorkøyretøy, landbruksmaskiner, trelast og andre byggevarer, varer frå planteskular/hagesenter, lystbåtar og liknande. Andre typar handel er ikkje tillatt vest for stavkyrkja. Det vil i tillegg vere tillatt med næring og tenesteyting. 

Langs vegen frå den nye rundkøyringa på rv. 7 og opp til den austre rundkøyringa til Gol sentrum er det no lagt til rette for volumhandel i tillegg til plasskrevjande varehandel. Volumhandel omfattar kvitevarer, brunevarer og møblar. Andre typar handel er ikkje tillatt i dette området. Det er i tillegg tillatt med tenestyting og næringsverksemd. 

Av andre endringar er gamle Gol skule endra frå offentleg og privat tenesteyting til bustader, pluss at det er gjort nokre karttekniske justeringar her og der. Alle endringar som er gjort er skildra i dette dokumentet (PDF). Kart som viser kvar det er gjort endringar ser du i dette dokumentet (PDF).

Slik gir du innspel

Du har no moglegheit til å kome med innspel eller merknader til dei endringane som har skjedd sidan førre offentlege ettersyn i 2018. Dersom du ønsker å kome med innspel må du gjere det skriftleg. Dei kan sendast per post til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no. Fristen for å kome med innspel til planforslaget er måndag 21. august 2023.  

Har du spørsmål?

Dersom det er vanskeleg å sjå detaljane i plankartet under kan du også sjå plankartet i www.kommunekart.com. Søk opp Gol kommune eller adressa du ønsker å finne i søkefeltet oppe til venstre. Trykk deretter på Kartlag der du har kommunevåpenet til Gol kommune. Du får då opp ein boks på høgre side. Hak av på Plan og Kommuneplaner forslag. Du skal då få opp plankartet. Ved å trykke på aktive kartlag oppe til høgre kan du justere gjennomsiktigheita i plankartet, slik at du ser bakgrunnskartet med bygningar, vegar og høgdekoter betre.

Ved å trykke på eit bestemt område kan du sjå kva som er tenkt for dette området.

Ta gjerne kontakt med Sander Lilleslett på telefon 32 02 90 72 eller e-post sander.lilleslett@gol.kommune.no dersom du lurar på noko.