Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Høyringar og kunngjeringar

Varsel om oppstart

Her blir planar lagt ved varsel om oppstart.

Mindre endring Storefjellstølen 

I medhald av plan- og bygningslovas § 12-14 blir det varsla oppstart av mindre endring av detaljregulering for Storefjellstølen (PlanID: 2022001). 

Føremål med endringa er å slå saman tomt 4 og 5, og på den måten leggje til rette for ein større fritidsbustad på den samanslåtte tomta. 

Innspel eller merknader til endringa bes sendast skriftleg til Asplan Viak AS, STIM WORK, Sentrumsvegen 60, 3550 Gol (e-post: linnea.svinndal@asplanviak.no) innan 07. oktober 2026. 

Trafikktryggleiksplan for Gol - varsel om oppstart

Gol kommune skal i gang med å lage ny trafikktryggleiksplan i Gol kommune.

Kva er ein trafikktryggleiksplan?

Trafikktryggleiksplanen er eit viktig styringsverktøy for trafikktryggleiksarbeidet i kommunen. Planen skal legge føringar for korleis vi skal arbeide for å betre trafikktryggleiken dei neste åra.

Trafikktryggleiksarbeid handlar om å redusere risikoen for skadar og ulukker blant alle trafikantgrupper i alle aldrar. Ein trafikktryggleiksplan skal ta vare på dei viktigaste prioriteringane for å auke trafikktryggleiken i Gol kommune, og arbeidet skal vera eit bidrag for å nå dei nasjonale måla.

Vi ønsker dine innspel!

Har du forslag eller innspel til trafikktryggleiksplane og/eller handlingsdelen? Vi oppfordrar innbyggarar, organisasjonar og andre berørte partar til å kome med innspel. Innspel kan sendast skriftleg på e-post postmottak@gol.kommune.no eller til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol. Fristen for innspel er 29. juni 2026.

Her er den eksisterande trafikktryggleiksplanen, med prioritert tiltaksliste i 2017.

Detaljreguleringar for Petterbråten B2 (PlanID: 2014008) og B4 Petterbråten II (PlanID: 2012009) - varsel om oppstart av mindre endringar

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 vert det varsla arbeid med revideringar av Petterbråten B2 og B4 Petterbråten II. 

Føremålet med endringane er å leggje til rette for etablering av syv små bustadhus på tomter 4-6 i Petterbråten B2. Delar av B4 Petterbråten II er inkludert for å sikre god tilkomstveg for dei nye bustadane. 

Sjå varslingsmateriale her: 

Asplan Viak AS er engasjert av Hallingdal Hytteservice AS til å gjennomføre planarbeidet. Naboar, grunneigare og offentlege instansar varslast direkte med brev.

Eventuelle merknadar til varslinga sendast skriftleg til Asplan Viak AS, STIM WORK, Sentrumsvegen 60, 3550 Gol (e-post: linnea.svinndal@asplanviak.no) innan 01.04.2026.

 

Samfunnsdelen til kommuneplan - varsel om oppstart og høyring av planprogram

Gol kommune varslar oppstart av planarbeid med samfunnsdelen til kommuneplan for Gol i medhald av plan- og bygningslova § 11-12. Kommunen vil samtidig legge planprogram for samfunnsdelen til kommuneplan for Gol ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-13.

Samfunnsdelen til kommuneplanen er verktøyet for kommunen sin heilskaplege planlegging.

Planprogrammet vart behandla av formannskapet 5. juni 2025, som sak 26/25. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, særleg for grupper som ein antek blir særleg berørt, kva alternativ som blir vurdert og behov for utgreiingar.

Dersom du har innspel til planprogrammet, kan du sende det skriftleg til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol, eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no seinast 11. august 2025.

Offentleg ettersyn

Her blir planar som er ute til høyring og offentleg ettersyn lagt ut. 

Detaljregulering for Gol fjellandsby

I medhald av plan- og bygningslovas §§ 12-10 og 12-11 sendast Detaljregulering for gol fjellandsby (PlanID: 2024003) ut på høyring og offentleg ettersyn.

Føremål med planen er å revidere delar av gjeldande plan for Gol fjellandsby slik at planen blir meir fleksibel. Det er føreslått justeringar innad i planområdet på veg, mønehøgde, grøntareal og parkering. Total utnytting for området er også auka noko.  

Planforslaget kan sjåast her: 

arealplaner.no

Hovuddokumenta ligg også til gjennomsyn på papir i kommunens tenestetorg og på biblioteket.

Innspel: 

Dersom du har innspel eller merknader til planen bes disse sendast skriftleg til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på epost til postmottak@gol.kommune.no seinast 18.november 2026.

Detaljregulering for Storefjell Resort

I medhald av plan- og bygningslovas §§ 12-10 og 12-11 sendast Detaljregulering for Storefjell Resort (PlanID: 2023004) ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Føremål med planen er ein revidering av gjeldande plan. 

Planforslaget kan sjåast her: 

arealplaner.no

Innspel: 

Dersom du har innspel eller merknader til planen bes disse sendast skriftleg til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på epost til postmottak@gol.kommune.no seinast 9.februar 2026.

Kunngjeringar

Kunngjorte planar blir lagt her.

Detaljregulering for skiheis og utviding av Bualie hyttefelt

Kommunestyret vedtok detaljregulering for skiehis og utviding av Bualie hyttefelt (PlanID: 2024002) som sak 42/2026 i møte den 08.09.2026, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.

Planen legg til rette for samanbindinsheis mellom Storefjell og Bualie, samt opparbeiding av 65 nye fritidseiningar i tilknyting til eksisterande hyttefelt på Bualie. 

Kunngjeringa blir varsla i Hallingdølen. Offentlege høyringspartar, grunneigarar og naboar blir varsla ved eiga brev.

Dersom du ønsker å klage, må det gjerast skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no seinast 07. oktober 2026.

Sjå dokumenta i planen her: 

arealplaner.no