Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Om Gol kommune

Presentasjon av kommunen

Gol kommune ligg sentralt plassert på austlandet, og er eit knutepunkt mellom aust og vest.
Gol har ei flatevidde på 532,5 kvm. Innbyggjartal og mykje andre opplysningar finn du her på Statistisk sentralbyrå sine sider (ssb.no)

Kor ligg Gol og korleis kjem ein dit

Gol ligg i dalføret Hallingdal i Buskerud fylke, 167 km nordvest for Drammen. Køyrer ein riksveg 7, er det 174 km frå Oslo til Gol, og 290 km frå Gol til Bergen .
Følgjer ein riksveg 52, kjem ein til Vestlandet via Lærdalstunnelen. Avstanden til Lærdal er ca. 110 km.
Over til nabodalføret Valdres køyrer ein riksveg 51. Det er ca. 50 km til Valdres sitt regionsenter, Fagernes.
Bergensbanen har stopp på Gol. Toget brukar ca. 2 t. 45 min. frå Oslo og i underkant av 4 timar til Bergen.
Dersom ein vil over til Vestlandet med buss, kan ein ta Sogn og Fjordane ekspressen til Førde via Sogndal.

Vær og natur

Gol har eit typisk innlandsklima, med kald vintrar og varme sumrar. Flatevidda i Gol er 530 km² og høgda over havet varierar mellom 180 og 1295 meter. Austover mot Valdres ligg det tradisjonsrike Golsfjellet. Turistbedrifter, hytter og stølsgrender har lenge prega dette senteret for fjellturisme i øvre Buskerud. Det er tilrettelagt for eit aktivt friluftsliv med eit nett av merka løyper for både vinter- og sumaraktivitetar. Kommunen har to freda naturreservat: Lyseren våtmarksreservat som er eit kompleks av små vatn med myrer omkring og Metubba myrreservat, som er dominert av myrer av ulik type og med interessante planter og plantesamfunn.

Historie

Namnet Gol skal koma av Gord, som ei tid var namnet på elva som renn
gjennom bygda. Namnet tyder gjerde, gard, stengsel. Elva laga stengsel og set grense mellom to dalsider. Det er usikkert når dei fyrste menneska busette seg i Gol, men ein er ganske sikker på at ved år 1000 var minst 26 gardar i Gol rydda
og folkesett (”Boka om Gol”, b.1). Funn av dyregraver og jernslagg på Golsfjellet viser imidlertid at området har vore utnytta frå urgammal tid. Gol stavkyrkje blei i 1884 flytta til Bygdøy og danna grunnstamma i Norsk folkemuseum. I dag har
Gol berre kyrkjegarden att av det opprinnelege, men ein kopi av stavkyrkja er reist mellom riksveg 7 og Gol sentrum.

Næringsliv

Gol er ein av landets største reiselivskommunar, og er det regionale handels- og servicesenteret for regionen Hallingdal. Servicenæringane utgjer ca.. 70%, industri, kraft- og vassforsyning, bygge- og anleggsverksemd ca. 20% og landbruk ca. 10% av den totale sysselsetjinga.

Barnehage og skular

Gol kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på tre barnehageavdelingar og ein privat familiebarnehage. Kommunen har ein skule, 1. -10. trinn. Læringssenteret gir tilbod om grunnskuleopplæring, spesialundervisning og undervisning i norsk med samfunnsfag for framandspråklege. I tillegg har Gol vidaregåande skule og folkehøgskule.

Kommunevåpenet

Reglar for bruk av kommunevåpen (PDF)

Municipal coat of arms (PDF)

Informasjon om kommunevåpenet

På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein.

Då Gol kommunestyre valde nyklar i sitt kommunevåpen var det også stor diskusjon både om farge og metall på nyklane, botnfarga på skjoldet og tal nyklar. Dette ordskiftet enda med vedtaket i

Kgl.resolusjon 13.september 1985 (lovdata.no) som fastsette denne formuleringa for kommunevåpenet til Gol:

På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein.

For flagget er det gul grunn i staden for gull.

Merk her at i Kgl. res. er det brukt golingsforma "lyklar".

Formgjevar: Stein Davidsen.

Av saksførebuingane framgår det ikkje spesielle grunnar for val av tre lyklar. Kommunestyret valde fyrst to, men endra dette til tre, etter drøftingar med Riksarkivaren.

Lyklar er viktige i dagleglivet. Historisk har lyklar hatt vel så stor symbolsk betydning. Heilt sia Jesus overleverte Peter lyklane til himmelriket, har lykjelen hatt ei viss betydning i det liturgiske ritualet i kyrkja.

Lyklar på segl og våpenskjold har tradisjon attende til det 13. århundre, brukt symbolsk i heraldisk samanheng. Paven tok i bruk lyklar som emblem på sitt våpenskjold. Ei rekkje byar og kommunar verda over brukar ein eller fleire lyklar i sine våpen, t.d. Bremen i Tyskland og Riga i Latvia.

I Noreg er det Drammen, Sør-Odal og Gol som har lyklar i sine våpen, medan Kviteseid har låsskilt.

Gol kommune valde tre like lyklar. Motivet for å bruke lykjelen var kyrkjehistorisk, fordi det er kyrkjelykjelen frå Gol stavkyrkje -kyrkja som i dag står på Norsk Folkemuseum- som er brukt. Den originale lykjelen, som vart att då kyrkja vart riven og flytta sist på 1800-talet, er i dag i privat eige i Gol.

Etter initiativ frå Torbjørn Rustberggard vart Gol stavkyrkje reist på ny - i full målestokk - på Gol i 1994, men då på Storøyne ved Gol sentrum og ikkje på gamletomta oppe i Golreppen - like ovanfor Gol kyrkje.

Både på Gol kommunehus og i Gol kyrkje står det i dag modellar av Gol stavkyrkje.

Om Gol stavkyrkje, før ho vart riven ned og flytta til Bygdøy, står det i Boka om Gol ( H.Svello ) :

I 1824 bytte Ola Viko, sonen til Kolbjørn att, burt sin halvdel av kyrkja, i plassen Krusedøkkji med Tor Nilson Eikle. Han fekk 500 spd. (spesiedalar) i mellomlag. I 1826 melde Tor Eikle til forlikskommisjonen Kolbjørn Hagen fordi han hadde hogge i Finnesgardsskogen, som høyrde Gol kyrkje til. Kolbjørn åtte framleis den andre halvdelen av kyrkja.

På auksjon på Eikle i 1830 vart den delen av kyrkja som Tor åtte, seld til Torjus Asleson Finnesgarden. Torjus selde att til klokkaren S.Håvelsen i 1845. Frå han att gjekk so denne halvdelen til svigersonen Ulrik Kjerulf i 1862, og han att selde so til Ola Olson Hagen i 1869 for 500 spd. Dermed kom kyrkja til ein eigar att. Ola Olson Hagen, Hagamannen dei kalla, hadde frå før den andre halvdelen etter fedrane sine. Han kom so til å ha kyrkja til i 1880, då Fortidsmindesmerkeforeningen kjøpte henne, og ho vart riven og bygd oppatt på Bygdøy.

Kjelder:

Arkivet i Gol kommune, Boka om Gol I/Hallvard Svello og
Terje Nordheim/Kulturnytt 3/94

Gol - Miljøfyrtårnkommune

Gol kommune er miljøsertifisert, og har valt å vera ein miljøfyrtårnkommune.

Les meir om miljøfyrtårn (gol.kommune.no)