Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Personvernerklæring for Gol kommune

Personvern

Dette er ei generell personvernerklæring for Gol kommune.

Personvern handlar om retten til å ha privatlivet sitt i fred. For å kunne gje deg gode tenester må me hente inn og behandle personopplysingar om deg. I nokre samanhengar vil me ha rettsleg grunnlag for behandling og i andre tilfeller treng me å få samtykke frå deg. Gol kommune har som mål at du som brukar av kommunale tenester skal føle deg trygg på at vi handsamar dine personopplysningar i tråd med personopplysningslova.

Personvernombod

Du kan kontakte vårt personvernombod hvis du har spørsmål om kommuna si behandling av personvernopplysningar. Personvernombodet jobbar for at personvernet skal ivaretakast på ein god måte for tilsette og innbyggjarar.

Hege Kristin Stubsve Bang
E-post: personvernombudet@gol.kommune.no
Telefon: 32 02 91 56

Behandlingsansvarleg

Kommunedirektør Hege Mørk er ansvarleg for Gol kommune sin behandling av personopplysningar.
E-post: hege.mork@gol.kommune.no
Telefon 916 73 901

Personvern og teieplikt

Tilsette i Gol kommune pliktar å hindre at uvedkomande får tilgang eller kjennskap til personlege opplysningar om deg.

  • Vi sikrer at berre tilsette med tenestleg behov får tilgang til dine personopplysningar.
  • Vi sikrer at opplysningane ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som har autorisasjon.
  • Vi sikrer at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføre våre oppgåver og gje deg ei best mogleg teneste.
Føremålet med behandlinga av personopplysningar

Føremålet med behandlinga er å tilby deg offentlege tenester eller utføre lovpålagte oppgåver. Me kan ikkje behandle personoplysningande dine utan eit bestemt føremål.

Les meir i Personopplysningslova artikkel 5 (lovdata.no)

Samtykke

For at me skal kunne behandle personopplysningane dine må me ha eit rettsleg grunnlag for dette. Dette kan skje ved at du gjev oss samtykke. Me kan óg behandle personopplysningane dine for å utføre lovpålagte oppgåver som er heimla i lov eller forskrift eller skal utføre rettslege pålegg.

Les meir i Personopplysningslova artikkel 6 (lovdata.no)

Rett til innsyn og sletting av personopplysningar

Som hovudregel kan du krevje innsyn i dei opplysningane Gol kommune har lagra om deg. Du kan óg krevje innsyn i bruken av opplysningane. Les meir i personopplysningslova artikkel 12 og 15. Om me har opplysningar om deg som er mangelfulle, eller ikkje er rette, har du rett til å få dessa retta og oppdaterte. Les meir i Personopplysningslova artikkel 12 og 16.
I nokre tilfeller kan du krevje at vår behandling av personopplysningar blir begrensa. Dette kan du mellom anna vere tilfelle der du meinar opplysningane er feil, og me treng tid for å vurdere dette. Les meir i Personopplysningslova artikkel 12 og 18.

Rett til å få sletta opplysningar

Du kan ha rett til å få sletta opplysningar Gol kommune har om deg, med unntak av opplysningar som er arkivpliktige eller som er naudsynte i høve rettskrav. Les meir Personopplysningslova artikkel 12 og 17.

Vidareformidling

Kommunen skal ikkje selge, bytte eller vidareformidle informasjon om deg til tredjepart utan at du har samtykka til dette. I nokre tilfeller kan du krevja at Gol kommune overfører personopplysningane dine til andre behandlingsansvarlege. Les meir i Personopplysningslova artikkel 20.

Deling av personopplysningar

I nokre tilfeller kan dine opplysningar bli delt med andre. Dette kan vere tilfelle når me samarbeider med NAV, Husbanken, eller andre me har plikt til å gi informasjon til. Det kan vere underleverandørar som utfører oppgåver på vegne av Gol kommune, eller leverandør som driftar systema våre. Desse vil me ha databehandleravtale med, som regulerer korleis dei skal behandle dine opplysningar. Meir konkrete opplysningar om kven me deler opplysningane med kan du finne i dei spesifikke personvernerklæringane som er knytta til dei ulike behandlingane.

Innebygd personvern

Opplysningane dine blir lagra og brukt på ein teknisk sikker måte. Det er viktig for oss at risikoen for deg er minst mogleg når me behandlar personopplysningane dine. Me jobbar kontinuerleg med å halde oversikt over kva opplysnignar me har og skal ha, og slettar dei når me ikkje lenger har bruk for dei. Les meir i Personopplysningslova artikkel 24 og 25.

Nytting av informasjonskapslar (cookies) på kommunas nettside

Ein cookie er ei lita tekstfil som legg seg i interminnet på nettlesaren din. Den gir oss statistikk som vi nyttar til å gjere nettsidene og dei digitale tenestene betre for brukarane våre. Til dette nyttar me analyseverktøyet Google Analytics.

Informasjonskapslar som vert nytta av Gol kommune

ASP.NET_Sessionld

Informasjonskapsel som vert nytta for at publiseringsløysinga vår skal fungere. Informasjonskapselen vert fjerna frå datamaskina når du lukker nettlesaren.

ARRAffinity

Håndterer lastbalansering. Ingen personleg informasjon. Informasjonskapselen vert fjerna frå datamaskina når du lukker nettlesaren.

AddThis

Informasjonskapslane sørger for at du ser oppdatert teljar dersom du deler ei side med AddThis sosial deling. Varigheit på 2 år. Ingen data frå disse vert sendt attende til AddThis

Google Analytics

Informasjonskapselen samler inn informasjon for statistikk om bruk av nettsider. Dette for at kommunen skal kunne optimalisere sidene og gjere dei enklare for brukaren. Kommunen får informasjon om kva for sider som er mest besøkt, kvar brukarane kjem frå, kva tidspunkt sidene er mest besøkt osv.

EPiServer innlogging

Informasjonskapselen gir tilgang til EPiServer om ein er innlogga (gjeld kun tilsette i Gol kommune som har tilgang til EPiServer)

Sist endret: 30.01.2024