Sakslister og møteprotokollar før mai 2021
Sakslister og møteprotokollar etter mai 2021
Skulle du ha spørsmål eller det oppstår vanskar med å laste ned dokument, ta kontakt med Postmottaket på e-post postmottak@gol.kommune.no så hjelpar me deg gjerne.
Slik finn du møteinnkallingar og møteprotokollar
Fyste sida inneheld:
- Kalender for noværande eller valgt månad, datoane med ring rundt er dagar som har møter.
- Alfabetisk liste over utval som har møter for valgt månad, på bilete er det november 2022.
- Viser møtedato\møtedatoar på same linje som dei forskjellige utvala.
- Knapp som lar deg byte frå kalendar til tidslinje.
Finne fram til rett møte eller utval i kalendaren:
- Ved klikk på ynskt dato, merk at det må væra ein ring rundt talet.
Bruk pilane på venstre og høgre side av måned og årstall for å endre månad.
Etter klikk kjem det opp eit lite vindauga over kva for utval som har møte den dagen. - Trykk deretter på dato frå, eventuelt dato til om dette er oppført - du kjem fram til rett møte på begge knappane.
Finne fram til rett møte i listeoversikten:
Under kalendaren på venstre side listes utval som skal ha\har hatt møter under valgt månad.
Til høgre for lista står møtedato, satt på samme linje som utvala.
- Før musepekar over ynskt dato som passer til utvalet du ynskjer, og trykk rett på talet.
Dobbeltsjekk at det er rett møte du vil fram til, flyttar du musepeikaren til ein anna dato vil vindauga i midten endre seg.
Finne rett møte ved hjelp av tidslinja:
Tidslinja kan vere eit fint verktøy for å sjå kva for utval som har hatt møter i løypet av eit år, samt alle møter blir synlig på ein plass.
- For å byte til tidslinje trykk på knappen med tre horisontale streker som du finn i øvre høgre hjørne.
Trykk på knappen til høgre for tidslinje-knappen for å byte tilbake til kalendaren om du ynskjer det. - Før musepeikaren over ynskjt vertikal strek og trykk.
Trykk deretter på det firkanta feltet under dato frå, eventuelt dato til om det er oppført. Du kjem fram til samma møte på begge knappane.
For å finne og laste ned vedlegg:
Ynskjer du å laste ned vedlegg, finn du det under kvar enkelt møteside.
- Til høgre i det øverste kvite feltet finn me møteinnkalling og møteprotokoll.
Trykk ein gang på kver enkelt dokument for å laste ned. - Vedlegg som høyre til ein enkel sak finn du ved å trykke på tittelen til saka du ynskjer å lese meir om i sakskartet.
- Hovuddokumentet for saken ligg plassert heilt til høgre under kvar enkel sak.
- Eventuelle vedlegg og saksprotokollar ligg som separate nedtrekkslister, trykk på tittelen for å få tilgang til desse.
- Hovuddokumentet for saken ligg plassert heilt til høgre under kvar enkel sak.