Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vi ynskjer kontakt med personar som vil arbeide som ferievikarar hos oss i sommar. Vi treng personar som kan arbeide både ved sjukeheimen, i heimesjukepleia, i tenesta til personar med utviklingshemning og på kjøkkenet.

Det er ein fordel med erfaring eller utdanning frå slikt arbeid, men ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt. Du kan gjerne vera student, heimeverande eller pensjonist.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar for stillingane og krav om gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Vi vil prioritere dei søkjarane som kan arbeide veke 27, 28, 29, 30, 31 og 32. Søkjarane må ha fylt 18 år når dei begynnar i jobben.

Vi ber om at du oppgjer kor du ønskjer å arbeide og at du opplyser om kva tidsrom du kan arbeide hjå oss (start og slutt).

Her kan lesa meir og søkje
https://enterprise.hdnett.no/GO_recruitment/opening?1

Høge straumrekningar?

Finn dei rette energitiltaka for bustaden din med kommunens energiportal - heilt gratis!

Skroll videre ned