Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommuneplanen sin arealdel for Gol - nytt offentleg ettersyn

Kommuneplanen sin arealdel for Gol er lagt ut til nytt offentleg ettersyn. Kommuneplanen er den overordna arealplanen som legg grunnlaget for den langsiktige utviklinga i Gol kommune utanom sentrum. Gol sentrum er omfatta av ein eigen plan som heiter Kommunedelplan for Gol tettstad. NB: Fristen er ute, men dokumenta blir liggande her.

Kvifor skal kommuneplanen ut på nytt offentleg ettersyn?

Kommuneplanen låg fyrst ute til offentleg ettersyn våren 2021. I samband med dette kom det motsegn frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Viken fylkeskommune.

Statsforvaltaren sine motsegnspunkt går ut på at kunnskapsgrunnlaget ikkje er godt nok, i tillegg til at fleire innspel er i strid med nasjonale og regionale føringar for jordvern og naturmangfald. Fylkeskommunen sine motsegnspunkt går ut på at fleire innspel er i strid med føringar for fritidsbustader/reiseliv og bruk av skog og fjellområde i Regional plan for areal og transport i Buskerud 2018-2035.

Kommunen har i ettertid jobba med å oppdatere kunnskapsgrunnlaget og planmaterialet, noko som beklageleg vis har teke veldig lang tid. I samband med vurderinga av innspel, merknader og motsegn som kom under offentleg ettersyn vedtok formannskapet å legge inn fem nye byggeområde. På bakgrunn av dette må kommuneplanen ut på nytt offentleg ettersyn.

Kva endringar er gjort frå førre offentlege ettersyn?

Alle endringane som er gjort i plankart og føresegner frå førre offentleg ettersyn er omtala i eiga notat og kart.

Desse områda er nye:

Desse områda har vorte redusert etter førre offentlege ettersyn:

Desse områda har vorte fjerna etter førre offentlege ettersyn:

Andre endringar:

  • Alle nye område for LNF-område med spreidd fritidsbusetnad som vart lagt inn i samband med 1. gongsbehandling, er fjerna.
  • Smøget skytebane, som har vorte tilbakeført til LNF-formål, er endra frå LNF eksisterande til LNF framtidig. Det same gjeld tidlegare masseuttak ved Skrøyvestølane.

Har du spørsmål?

Dersom det er vanskeleg å sjå detaljane i plankartet under kan du også sjå plankartet i www.kommunekart.com. Søk opp Gol kommune eller adressa du ønsker å finne i søkefeltet oppe til venstre. Trykk deretter på Kartlag der du har kommunevåpenet til Gol kommune. Du får då opp ein boks på høgre side. Hak av på Plan og Kommuneplaner forslag. Du skal då få opp plankartet. Ved å trykke på aktive kartlag oppe til høgre kan du justere gjennomsiktigheita i plankartet, slik at du ser bakgrunnskartet med bygningar, vegar og høgdekoter betre.

Ved å trykke på eit bestemt område kan du sjå kva som er tenkt for dette området.

Ta gjerne kontakt med Sander Lilleslett på telefon 32 02 90 72 eller e-post sander.lilleslett@gol.kommune.no dersom du lurar på noko.

Plandokument

Motsegn til planforslaget