Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Varsel om oppstart - detaljregulering Glomsrud

Det er varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Glomsrud i medhald av plan- og bygningslova § 12-8.

Formålet med planarbeidet er å utvikle og regulere Glomsrud, som ligg ved Tisleia på Golsfjellet. Det skal leggast til rette for fritidsleilegheiter. Det er også ønske om å regulere for aktivitetar i området mellom eigedomen og Tisleia. 

Merknader skal sendast skriftleg til Asplan Viak AS, Sundrejordet 4, 3570 Ål, eller allan.jorgensen@asplanviak.no seinast 19. september 2022