Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Flytt til Gol!

Bilete av logoen til Bolyst

Lev i Hallingdal – Bo i Gol

Drøymer du om å flytte til eit trygt fellesskap med nærleik til naturen?
Ein stad med god plass og masse fritids- og kulturtilbod?
Ei bygd som ser deg og ønsker kompetansen din? Då er Gol staden for deg!

Vi ønsker å hjelpe alle som ønsker å flytte hit med å finne arbeid, bustad og eit sosialt nettverk.

For spørsmål om å flytte til Gol kan du kontakte tenestetorget:

Tenestetorget

Telefon: 32 02 90 00

E-post: gol.tenestetorg@gol.kommune.no

10 grunnar til å flytte til Gol

  1. Stor plass – låge levekostnader.
    Her finn du ei rekke bustader og tomter til lågare prisar enn i byane!
  2. Aktiv og naturleg fritid
    Utruleg mange aktivitetar å finne på i samsvar med naturen
  3. Varmaste i landet
    Gol ligg berre 20 minutt unna Noregs varmaste stad! Få varme somrar og aktive vintrar
  4. Sats på deg sjølv
    Gol er unik i arbeidet sitt med gründerar og karriereutvikling
  5. Du betyr noko
    På Gol tel kvart menneske, både i arbeidet og på fritida og du utgjer ein forskjell
  6. Utfolde deg sjølv
    Besøk høgfjellet, idrettsarenaen, sentrum eller test ut friluftsparken!
  7. Folk veit kven du er
    Når du kjenner fleire i lokalsamfunnet blir nettverket større
  8. Du høyrer til
    Gol er ei inkluderande bygd der ddu er ønskt og vil bli vareteke
  9. Rett til Nasjonalparkriket
    Hardangervidda Nasjonalpark og Hallingskarvet Nasjonalpark byr på fantastiske naturopplevingar
  10. Unike jakt- og fiskemoglegheiter over heile Hallingdal
Litt om Gol

Gol er hjartet av Hallingdal og ligg mellom Oslo og Bergen. Kommunen har eit breitt kultur- og fritidstilbod som passar kvar og ein. Samtidig er naturen og friluftslivet i umiddelbar nærleik. På Gol finn du ei rekke butikkar, kafear og restaurantar, og dessutan eit kjøpesenter.

Ved å bu på Gol utgjer du som person ein viktig forskjell. Kvar person tel, både på jobben og fritida, og alle kan bidra til gode opplevingar både for seg sjølv og andre.

På Gol finn du ei rekke ulike grender som ligg noko utanfor sentrum. Dei strekker seg nedover i dalen eller oppover fjellsidene mot Golsfjellet eller Hemsedal. Desse er blant anna Herad, Liagardane, Åsgardan, Øygardan og Tuppeskogen. Det er berre 5–10 minutt køyring frå grendene til sentrum.

Bilete med utsikt over Gol sett ut ifrå skiheistoppen

Finn din fadder på Gol

Det er ofte tryggare å komme til ein ny stad ved å bli kjent med nokre imøtekommande lokale bebuarar. I Gol Kommune har vi fleire fadrar som gjerne vil vise deg rundt og svare på spørsmål du har, enten det er om fritidsaktivitetar, bustadområde, jobbmoglegheiter, kafear eller helsetenester. Fadrane er der for å ta imot deg og verke som ein inngangsportal til flotte Gol! Ta kontakt og føl deg velkommen hos oss!

Portrettbilete av Mia Sofie Sandvold
Mia Sofie Sandvold

Mia Sofie flytta til Hallingdal i 2021 og bruker mesteparten av fritida på fjellet med hundane. Ho bur i Flå, men arbeider på Gol skule. Har du spørsmål om stadar i sentrum, fritidsaktivitetar, sosiale møteplassar, ønsker ein tur på fjellet, eller ta ein kaffikopp! Ta kontakt på 478 01 911.

Portrettbilete av Nine Lessner
Nina Lessner

Nina flytta til Gol i 2015 og bur i dag med mann, barn og bonusbarn. Ho jobbar med marknadsføring, reiseliv og som treningsinstruktør. Ho liker dans (av alle slag), ski- og toppturar, fjellturar og brenner for fleire uhøgtidelege og sosiale møteplassar. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om Gol eller berre vil skravle over ein kaffikopp! Ta kontakt på 476 54 988.

Portrettbilete av Kristin Vestmoen
Kristin Vestmoen

Kristin flytta til Hallingdal i 2021 med familien. Dei bur på Gol, ho jobbar i Hafslund Eco og mannen jobbar på Gol VGS. Dei synest ein av Gol sine store fordelar er nærleiken til fin natur året rundt. Har du spørsmål om barnehage, bustadområde og byggeprosess, turmoglegheiter og korleis det er å flytte til ein ny stad utan å kjenne nokon, ta kontakt på telefon 41563679.

Bustad

På finn.no finn du ledige bustader til sals på Gol (finn.no)

Ønsker du å leige bustad på Gol eller i Hallingdal? Då anbefaler vi å følge Facebookgruppene Leie Bolig i Hallingdal (facebook.com) og Leie i Hallingdal – leilegheit, bustad, lokale (facebook.com).

Ønsker du å kjøpe tomt og bygge hus på Gol?

Då er det fleire utbyggarar som kan hjelpe.
Ulike Bustadstomter i Gol kan du finne på kommunen sine nettsider.

Bygg Team Gol er ein lokal forhandlar av Bolig Partner og har kontor i sentrum.

Gol kommune hjelper òg med spørsmål rundt bygging (gol.kommune.no)

Vi anbefaler å ta kontakt med lokale eigedomsmeklarar som kjenner lokalmiljøet og kan finne den rette staden for deg.

På Gol er det fleire meklarar som blant anna:

Behøver du finansiering til bustad?

Dersom du ønsker å kjøpe, bygge, utbetre eller tilpasse bustad i Gol kommune kan du søke Startlån i Husbanken.

Vi anbefaler å søke i god tid.

Arbeid

Dei fleste stillingane på Gol blir annonserte på Jobb i Hallingdal.
Ledige stillingar i kommunen finn du her (gol.easycruit.com).

Det blir òg lyst ut stillingar på finn.no.

Jobbmarknaden på Gol er langt frå metta og vi ønsker alltid nye menneske med frisk kompetanse og anna erfaring.
Bedriftene ønsker derfor gjerne å bli kontakta sjølv om dei ikkje har utlyste stillingar.

Kanskje sit du på den kompetansen dei søker etter?

Ta kontakt med Bulyst, så hjelper vi med å finne bedrifter innan feltet ditt.

Ønsker du å ta med jobben til Gol?

Å jobbe på Gol er ikkje noko problem.

Her finst det ei rekke ulike stadar ein kan jobbe og leige kontorplassar. Deriblant Coco-working og det kjem stadig fleire moglegheiter.

Ta kontakt med Bulyst så hjelper vi med å finne kontorplass!

Ønsker du starte eiga bedrift i Hallingdal?

Då finst det ein rekke moglegheiter og støtteapparat for deg! Det er fleire bedrifter som vil hjelpe deg med etablering av ein ny bedrift, som blant anna Hallingdal Etablerersenter som held til i Hallingdal Næringshage

Les meir her (om.hallingdal.no), eller ta kontakt med næringsutviklar Erik Hansegård på e-post: erik.hansegaard@gol.kommune.no.

Fritid

Ønsker du å teste ut ulike aktivitetar?

På Gol finst det ein fritidsaktivitet for kvar og ein. Det er ei rekke foreiningar og lag (gol.kommune.no) som ønsker fleire deltakarar.

Gol Idrettsarena kan du turne, klatre, trene, spele handball og prøve kampsport.

Hallingmo stisenter (golinfo.no) ligg òg like ved sentrum, kor du finn sykkelstiar, frisbeegolf og hengekøyehotell. Berre kreativiteten set grenser for kva tilbod som finst her!

I nabokommunane finn du òg tilbod som kulturhus, kino og via ferrata (visitnorway.com).

Ønsker du dra på festival eller andre arrangement?

I Hallingdal blir det arrangert fleire arrangement og festivalar året rundt, som blant anna Goldagan (golinfo.no) og Fårefestivalen (golinfo.no).

I andre delar av Hallingdal finn du blant anna Hallingmarken og Festspillene på Nesbyen, og Helt på Vidda på Geilo.

Oversikt over alt som skjer finn du på Kva skjer i Hallingdal?

Skule og barnehage

Gol og Hallingdal er kjent for å ha eit svært godt oppvekstmiljø. Kommunen har god barnehagedekning og har 3 kommunale barnehagar og 1 privat barnehage.

Les meir om barnehagar i Gol her (gol.kommune.no)

På Gol er det ein barneskole og ungdomsskole som ligg like ved sentrum. Les meir om Skoletilbudet her (gol.kommune.no)

Gol Videregående skole (bfk.no) og Hallingdal Folkehøgskule (hallingdalfhs.no) har ulike utdanningstilbod, sjå heimesida deira for meir informasjon.

Dersom du er vaksen og ønsker opplæring kan du lese meir om Gol Voksenopplæring her (gol.kommune.no)

Idébanken

Bilete med grønn bakgrunn der det står Idèbanken

Gol kommune ønsker alltid å bli utvikla til det betre for innbyggarane sine og dei besøkande. For at innbyggarar skal kunne trivast og føle tilhøyrsel er det viktig å oppleve at ein blir sett og høyrt.
Derfor har Gol kommune oppretta ein idébank!

Har du ein idé eller eit forslag til korleis vi kan gjere Gol til eit betre stad å bu eller vere?
Kanskje nettopp forslaget ditt kan utgjere ein liten eller stor forskjell.

Din idé betyr noko!

Skjema finn du her (Google Forms)

Har du flytta til Gol?

Velkomen skal du vere!

Her er velkomstbrevet frå ordførar:

Velkommen til Gol! (PDF)

Sist endret: 05.04.2024