Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skal du byggje eller rive?

Byggesaksavdelinga er stengt kvar tysdag.

Kva kan du bygge?

Alle eigedomar er omfatta av ein plan, og det er bestemmelsane i denne som beskriver kva som er tillatt på din eigedom. Om tomta ikkje inngår i ein bebyggelses- eller reguleringsplan vil det vere kommuneplan/-delplan som gjeld (NB: for reguleringsplanar vedtatt før 30.10.2001 vil det for hytter vere utnyttingsgraden i kommunplanens nr. 2.1 som gjeld).

Gjeldande plan kan du finne ved å søkje opp eigedomen på Kommunekart (kommunekart.com).
Vedtekne planar finn du i planarkivet (gisline.no).

Har du gards- og bruksnummer for eigedomen kan Tenestetorget eller Utbyggingsavdelinga sende deg planbestemmelsar, situasjonsplan, skjema og nabolister. Avdelinga er stengt tysdag, men har elles vanleg opningstid frå 09.00 - 15.00.

Send gjerne e-post direkte til harald.huse@gol.kommune.no eller postmottak@gol.kommune.no.

Må du sende byggesøknad?

1. Byggetiltak som er unntatt søknadsplikt

Enkelte mindre tiltak; uthus m.m., kan i enkelte tilfeller oppførast utan kommunal saksbehandling.
NB: gjelder kun dersom bygget/endringa er i samsvar med alle planbestemmelsar for området, herunder planformål, utnyttingsgrad, antall bygg på tomta, utforming, høgde med meir.

Sjå meir utfyllande opplisting i SAK10 (lovdata.no) eller på nettsidene til Direktoratet for Byggkvalitet (dibk.no).

Når tiltaket er ferdigstilt skal det sendast melding til kommunen med plassering og areal.

Skjema finn du her (PDF)

2. Byggetiltak der du kan levere søknad sjølv

Søknad utan ansvarsrett er ein forenkla søknad der du sjølv står ansvarleg for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt med heimel i plan- og bygningslova.

Dei vanlegaste tiltaka er garasje/uthus (ikkje anneks med soverom), tilbygg, bruksendring og driftsbygningar i landbruket.

Les meir om dette i SAK10 (lovdata.no).

3. Byggetiltak der du må ha hjelp av fagfolk

Dei tiltaka som ikkje er lista opp i pkt. 1 og 2. skal behandlast som søknad - normalt via eit godkjent føretak (ansvarleg søkjar)

Nødvendig dokumentasjon

Utfylt søknadsskjema (med eller uten ansvarsrett)

Situasjonsskisse i målestokk 1:500 eller 1:1000 med målsett plassering på tomta (kartutsnitt kan skrivast ut frå Kommunekart (kommunekart.com)

Målsatte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100.

Terrengsnitt som viser eksisterande og nytt terreng med høgdeplassering av bygg.

Kvittering for nabovarsel. Både naboeigedom (felles grense) og gjenboereigedom (der det kun er ein veg, elv eller anna åpent areal mellom) skal varslast. Nabofrist skal vere ute og ev. merknader kommentert før søknad blir sendt inn.

På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet kan du hente byggesaksblankettar (dibk.no) eller få informasjon om digital søknad (dibk.no).

Kommunen sitt gebyrregulativ finn du her (framsikt.net).

Nabosamtykke (PDF)

Riving

For riving gjeld tilsvarande rundt søknad og ansvarsrett som det framgår under kapitla for søknad om dokumentasjon over. Det er ikkje nødvendig med byggteikningar, men det må framgå tydeleg av kartutsnitt kva bygg det gjeld.

I tillegg til vanleg nabovarsling skal ev. pantehavarar varslast. Om bruksarealet (BRA) er større enn 100 m2 må det leverast avfallsplan med sluttrapport.

Enkelte bygg kan vere aktuelle for brannøvring.
Kontakt ev. Hallingdal Brann- og redningsteneste IKS.

Dispensasjon

Dersom dine planar ikkje er i samsvar med gjeldande bestemmelsar kan du søkje om dispensasjon (i brevs form, og med grunngjeving).

Det må framgå på nabovarselet at det også blir søkt om dispensasjon. Som hovudregel blir dispensasjonar behandla politisk i Utval for Natur og næring.

Dispensasjon kan kun innvilgast dersom det ligg føre spesielle og relevante grunnar. T.d. er plassmangel og økonomi ingen dispensasjonsgrunn.

Meir om dette kan du lese i plan- og bygningslova kap. 19.
Det er ekstra gebyr for dispensasjonssaker (også ved avslag), og saksbehandlingstida kan bli vesentleg lenger.

Tips for rask byggesakshandsaming
  1. Sørg for at søknad er komplett. Retting av feil og manglar kostar tid og pengar.
  2. Respekter bestemmelsane som gjeld for området. Dispensasjonssøknader har lågast prioritet, tek lenger tid og har ekstra gebyr (også ved avslag).
  3. Snakk med naboen. Nabovarsling skal skje i forkant av innsendt søknad. Det er ein fordel å avklare eventuelle konfliktar med naboar og berørte partar før søknaden vert send til kommunen. Mindre justeringar kan ofte vere nok til at klage unngås, og vere positivt for naboforholdet i framtida.
  4. Dersom du skal byggje nærare nabogrensa enn det som er oppgitt i plan-og bygningslova treng du eit nabosamtykke (PDF)

Bygg skal tilpassast terrenget, ikkje omvendt. Ruvande bygg på høge fyllingar tyder på mangelfull planlegging og kompetanse. Eksisterande vegetasjon bør i sørst mulig grad bevarast, og fylling gis ei naturleg form.

For å sikre at hytta eller huset blir godt tilpassa den aktuelle tomta i forhold til terreng/ landskap, omkringliggande bygg, solforhold, utsikt m.m. er det ein fordel å bruke arkitekt (MNAL) - ikkje minst i bratt terreng. Smarte planløysingar gjer at bygningsarealet, og dermed kostnadane, blir mindre.

I tillegg kan dyre og skjemmande terrenginngrep reduserast om bygget blir tilpassa terrenget. Erfaringa tilseier også at bruk av arkitekt gir betre søknader/ mindre arbeid for kommunen, og det kan difor bli gitt 25% reduksjon i byggesaksgebyret.

Fleire grunnar for å bruke arktitekt kan du lese her (arkitektur.no).

Aktuelt regelverk

Plan- og bygningslova (lovdata.no)

Forskrift om byggesak (byggesaksforskriften, SAK 10) (dibk.no)

Forskrift om teknisk krav til byggverk (byggteknisk forskrift, TEK 10) (dibk.no)

Veileder Grad av utnytting (PDF)

Byggesaksblankettar (dibk.no)

Direktoratet for Byggkvalitet (dibk.no)

Bygg og bevar - nettportal med informasjon og bevaring av gamle bygg (byggogbevar.no)

Kontaktinformasjon

Byggjesakshandsamar
Harald Huse
Telefon: 32 02 90 66
E-post: harald.huse@gol.kommune.no

Avdelingsleiar
Hanne Cecilie Nes
Telefon: 32 02 90 70
E-post: hanne.cecilie.nes@gol.kommune.no