Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Aktivitetsveker på Gol og Nesbyen

Tilbodet gjeld i utgangspunktet for 1.–7. klasse, men eldre kan òg delta. Alle aktivitetsvekene er kvardagar kl. 09.00 - 15.00.

Bilete av invitasjonen frå Hallingdal Fotballklubb om aktivitetsveker på

Veke 26 – Fotballskolar - NB: ikkje gratis, eiga påmelding:
https://www.hallingdalfk.no/next/p/72376/fotballskole-2024

  • Veke 27 – Gratis aktivitetsveke på Gol
  • Veke 28 – Gratis aktivitetsveke på Nesbyen*
  • Veke 29 – Gratis aktivitetsveke på Nesbyen*
  • Veke 30 – Gratis aktivitetsveke på Nesbyen* og Gol
  • [Veke 31 – Ingen aktivitetar/stengt]
  • Veke 32 – Gratis aktivitetsveke på Gol
  • Veke 33 – Gratis aktivitetsveke på Nesbyen*

Påmeldingsfrist er 14 dagar før første dag i veka(e) ein melder seg på.

Vekeplan med oversikt blir sendt ut seinast veka før.

Har du spørsmål, ta kontakt på aktivitet@hallingdalfk.no!

* Sjå https://nesbyenil.no/sommergleder for meir info!

Kva skal vi?

Vi planlegg mykje aktivitet, leik og moro i aktivitetsvekene.

I løpet av sommaren skal vi blant anna drive med mange forskjellige aktivitetar på og rundt Hallingmo, Gol Idrettsarena, og i nærmiljøet elles.

Det blir leik, klatring, basishall, turar, sykkelturar og mykje meir. Vi skal òg til Hallingstampen, og i løpet av veke 32 skal vi på tur med Gol Jeger- og Fiskerforbund.

Påmelding

Dette treng vi å vite i påmeldinga:

  1. Om deltakar:
  • Fullt namn
  • Fødselsdato
  • Klasse du begynner i til hausten
  • allergiar (alle får gratis lunsj)
  • ekstra behov
  • annan relevant informasjon
  1. Om føresette:
  • Fullt namn
  • E-post og telefonnummer
  1. Kva veker du skal vere med, inkl. ev. dagar i påmeldt(e) veker du ikkje kan møte.

P.S. Det vil bli teke bilde som kan bli delt i klubbens sosiale medium.
Gi beskjed dersom dette ikkje er greitt!

Påmelding for aktivitetsveker på Gol og Nesbyen sendast til:
aktivitet@hallingdalfk.no

Last ned som vedlegg (PDF, 351 kB)

Sist endret: 04.06.2024