Opningstider for sommar 2026
Stengt veke 29, 30 og 31
Siste moglege innlevering av prøvar til analyse før ValdresLab tek ferie er måndag 6. juli.
Dei er på plass igjen måndag 3. august, og prøvar sendast som vanleg måndagar innan kl. 12:00, i partallsveker.
Ønskjer du å ta vassprøvar?
Du kan hente prøvesett frå ValdresLab i tenestetorget på Gol kommunehus i Gamlevegen 4.
Prøvesettet består av:
- Orientering om prøvetaking og sending.
- Følgjeskjema som fyllast ut av kunde og bli levert saman med prøven.
- Steril prøvetakingsflaske.
Vassprøvar med følgjeskjema leverast til Gol kommunehus i tenestetorget, måndagar i partallsveker, innan kl. 12:00.
Meir informasjon om korleis du tek vassprøvar finn du her:
https://www.valdreslab.no/analysetjenester/proevetaking/
Ønskjer du å nytte eigne flasker og skrive ut skjema sjølv kan du gjere det, men det blir stilt krav til prøveemballasjen, les meir om det her:
https://www.valdreslab.no/analysetjenester/proeveemballasje/
Link til skjema finn du her:
https://www.valdreslab.no/skjemaer/
For andre spørsmål ta kontakt med ValdresLab:
ValdresLab AS, Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes
Tlf: 61 34 16 20
E-post: post@valdreslab.no