Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Telefonvarsling

Kommunen sitt varslingssystem gir beskjed når det skjer noko der du bur eller driv næring.

Skjer det noko i nabolaget ditt eller i området der du driv næring, ønskjer vi å nå deg på ein rask og enkel måte.
For å gjere dette brukar vi eit verktøy som sender ein tekstmelding til mobilen din eller les opp ei melding på fasttelefonen din.

For å sikre at vi når deg, er det viktig at du sjekkar kva nummer du står oppført med i varslingstenesta

Vi varslar til dømes når vi må:

  • Ved endringar og stans i vassforsyning grunna vedlikehaldsarbeid og lekkasjar
  • Varsle eit kokepåbod, kokeanbefaling av drikkevatnet
  • Sperre ein veg i nabolaget ditt

Vi brukar også varslingstenesta om det skjer ei krise, som rammar område i kommunen vår.

Korleis verkar det?

Når du tar telefonen, får du opplest ei melding.
Meldinga er lest inn på førehand.

På slutten av meldinga får du beskjed om å taste:

1 – for å stadfeste at du har oppfatta meldinga
9 – for å høyre meldinga på nytt

Mottar du meldinga på sms, er det inga system for stadfesting.

Kvifor varslar me på denne måten?

Vi har tatt i bruk dette systemet, for å gi best mogleg service.
Ei annonse i avisa eller ei melding på heimesida eller facebook når ikkje alltid alle.

Dessutan kan det skje akutte hendingar, som gjer at vi ikkje rekkjer å informere på vanleg måte.

I tillegg til telefonvarsling, vil vi også bruke heimesida og facebooksida til kommunen.

Får du ikkje telefonvarsling?

Får du ikkje telefonvarsling frå kommunen, kan årsaka vere at:

  • Du er mor eller far og har registrert fleire nummer på namnet ditt. Når varslinga startar, plukkar systemet det første nummeret som er registrert på deg. Dette kan vere nummeret til din 10 år gamle son.
  • Du har gløymt å fjerne gamle nummer frå opplysninga, som ikkje lenger er i bruk.
  • Mobilnummeret ditt er registrert på arbeidsgjevaren din.
  • Du har hemmeleg nummer
Slik sikrar du at aktuelle meldingar kjem til de

Sjekk oppføringa di på denne sida (servicevarsling.no)

Her kan du både endre nummer og leggje til eller endre adresse på namnet ditt.

Du må ha mobilen din framfor deg når du gjer endringar. For å få tilgang til opplysningane knytt til namnet ditt, må du først skrive inn ein pin-kode som du får tilsendt på mobilen.

Har du hemmeleg nummer?
Kryss av for "skjul namn", slik at vi ikkje kan knytte namn til nummeret ditt.

Sårbare abonnentar - abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vassforsyning.

Gol kommune tek spesielle hensyn til såkalla sårbare abonnentar ved endringar i vasskvalitet eller vassmengde.
Det er spesielt låg terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrrelsar på vassleidningsnettet.

Virksomheiter og personar med særskilt behov for varsling vert beden om å registrere adressa som sårbar abonnent i UMS sin portal for vedlikehold av kontaktdata.

Tjenesten er eit tilbod til spesielt sårbare abonnenter som:

  • Alders - og sjukeheim
  • Frisørar
  • Hotell
  • Leger/medisinsk
  • Næringsmiddelindustri
  • Renseri/vaskeri
  • Restaurantar/kaféar
  • Skule/barnehage
  • Sjukehus
  • Tannlegar/tannhelse

Dersom du hører heime i ei av disse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunnar, kan du setje adressa di som sårbar abonnent på denne nettsiden:

Servicevarsling (servicevarsling.no)

Om du treng hjelp eller har spørsmål i samband med registrering/endring av telefonnummer, kan du kontakte tenestetorget på telefon 32 02 90 00.