Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Varsel om oppstart - detaljregulering Storefjell Resort

Det er varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering for Storefjell Resort i medhald av plan- og bygningslova § 12-8.

Formålet med planarbeidet er å revidere gjeldande reguleringsplan for Storefjell. Gjeldande plan bygger på eit moglegheitsstudium frå 2007/2008, og mykje har skjedd sidan då. Det er ønskeleg å endre planen for å gjere den meir hensiktsmessig ut frå dagens ønske om vidareutvikling av verksemda. Utnyttingsgraden vil forbli det same. 

Utval for natur og næring behandla planinitiativet i møte 23. mai 2023, som sak 33/23. Vedtaket er slik: 

Utval for natur og næring vil tilrå å fremme planforslag, Planid: 2023004 med slike føringar for planarbeidet. 

    • Illustrasjonsmateriale for parkeringshus med høgde opp til 22,5 meter.
    • Boreal hei med god tilstand skal ikkje rørast. 
    • Utnyttingsgrad skal forbli uendra.

Innspel eller merknader

Dersom du har innspel eller merknader til varselet må du sende dei til HRP AS avd. Gol, Gamlevegen 6, 3550 Gol, eller på e-post til tk@hrpas.no seinast 19. august 2023