Formålet med planarbeidet er å utnytte området og infrastrukturen meir intensivt enn i gjeldande reguleringsplan. I gjeldande plan er det regulert 13 tomter for fritidsbusetnad og seks tomter for utleigehytter.
Førebels planløysing viser ein utnytting med til saman 30 tomter.
I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til fritidsbusetnad og LNF-formål for spreidd fritidsbusetnad. Tre av tomtene blir berørt av omsynssone for friluftsliv og landskap/bevaring naturmiljø (markagrense).
Merknader skal vere skriftleg og sendast til Asplan Viak AS, Sundrejordet 4, 3570 Ål, (rannveig.brattegard@asplanviak.no) innan 19. juni 2023.