Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kunngjering - reguleringsendring Svilestølane - Varhovd

Gol kommune har vedteke å endre reguleringsplan for Svilestølane – Varhovd, planID 2005007. Endringa vart behandla i Utval for natur og næring i møte 21. november 2023, som sak 53/2023. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-14.

Reguleringsendringa gjeld to endringar. Den eine endringa går ut på at kravet til gesimshøgd er fjerna for tomt 76. Den andre reguleringsendringa går ut på at mønehøgda er auka frå 5,5 meter til 5,9 meter for tomt 73, 76, 79, 80, 81 og 82.

Kommunen sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12, jf. forvaltningslova kap. VI. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no innan 5. februar 2023.