Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kunngjering - endring av detaljplan for Øvre Kamben, område FBK 1-3 og tomt 132

Gol kommune v/Utbyggingsavdelinga har vedteke å kunngjere endring av detaljplan for Øvre Kamben område FBK 1-3 og tomt 132, planID: 2019001. Reguleringsendringa er godkjend i vedtaket 8. februar 2024, delegert sak 33/24. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-14.

Reguleringsendringa går ut på å endre frå konsentrert fritidsbygg til mindre små tomter til tomter med små fritidseiningar. Endringa legg ikkje til rette for fleire einingar enn i tidlegare reguleringsplan.

Kommunen sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12, jf. forvaltningslova kap. VI. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no innan 8. april 2024.