Reguleringsplanen går ut på å dele opp eigedomen gbnr. 13/82 i fire hyttetomter. Eigedomen er i dag bebygd med tre hytter. Reguleringsplanen legg til rette for å fortette området med ei ekstra tomt.
Kommunen sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12, jf. forvaltningslova kap. VI. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no innan 8. april 2024.