Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Avgrensa offentleg ettersyn - Kommuneplanen sin arealdel for Gol

Kommuneplanen sin arealdel for Gol er lagt ut til avgrensa offentleg ettersyn. Kommuneplanen er den overordna arealplanen som legg grunnlaget for den langsiktige utviklinga i Gol kommune utanom sentrum. Gol sentrum er omfatta av ein eigen plan som heiter Kommunedelplan for Gol tettstad.

Kvifor skal kommuneplanen ut på nytt offentleg ettersyn?

Kommuneplanen har lege ute til offentleg ettersyn to gongar tidlegare. Etter fyrste offentlege ettersyn i 2021 hadde Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Buskerud fylkeskommune motsegn til planforslaget. Planforslaget vart oppdatert, og det vart både lagt inn og teke ut byggeområde før planen vart lagt ut til nytt offentleg ettersyn vinteren 2023/2024. Under andre offentlege ettersyn har fylkeskommunen trekt sine motsegn, medan Statsforvaltaren opprettheld fleire av sine. Statsforvaltaren har framleis motsegn til 13 utbyggingsområde.

I ettertid har administrasjonen i Gol kommune hatt eit drøftingsmøte saman med administrasjonen frå Statsforvaltaren, og motsegna frå Statsforvaltaren har vorte politisk behandla. Formannskapet vedtok i møte 30. mai 2024 å gjere følgande endingar:

Kva endringar er gjort frå førre offentlege ettersyn?

Følgande område blir endra frå byggeområde til LNF-område:

Følgande område blir redusert:

Følgande område blir utvida:

  • 3.3 Smøget, 9/34 – RU-5, gbnr. 9/34
    • Området er utvida for å få betre utnytting av området og redusere brotkanten, samtidig som det blir oppretthaldt ein avstand til skiløype på minimum 75 meter.

Endra konsekvensar av planforslaget

Formannskapet har endra 626 dekar frå byggeområde om til LNF-formål frå førre offentlege ettersyn. Frå gjeldande kommuneplan er tilbakeføringa av byggeområde til LNF-formål auka frå 573 til 607 dekar.

Tap av dyrkbar mark er redusert med 99 dekar frå førre offentlege ettersyn.

Samla endring frå LNF-formål til byggeområde er no 407 dekar, dersom ein inkluderer område som blir tilbakeført frå byggeområde til LNF-formål. Gol kommune har dermed meir enn halvert omfanget av nytt byggeområde.

Totalt har kommunen lagt inn 1 014 dekar med nye byggeområde. Samtidig blir det tilbakeført 607 dekar frå byggeområde til LNF-formål.

Frist for innspel eller merknader

Dersom du ønsker å kome med innspel til planforslaget må du gjere det skriftleg. Dei kan sendast per post til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no.

Fristen for å kome med innspel til planforslaget er måndag 26. august 2024.

Dersom det er spørsmål eller kommentarar til planforslaget kan du gjerne ta kontakt med Sander Lilleslett på telefon 32 02 90 00 eller e-post postmottak@gol.kommune.no.

Plandokument