Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skogbruk

Tilskotsordningar

Avdelinga handsamar og-/eller gjev uttale på fylgjande søknader

  • tilskot til bygging av skogsveg
  • tilskot til m.a. planting, tettare planting (klimatiltak), ungskogpleie, markberedning, gjødsling og stammekvisting
  • søknad om bygdeutviklingsmidler, tilleggsnæringar (IBU-midler)

Ein kan få nærare informasjon om søknadskriteriar og retningsliner for midlar til utvikling av tilleggsnæringar i skogbruket ved å klikke seg inn på Innovasjon Norge.

Landbruksveg

Nyanlegg og utbetring av landbruksvegar og skogsbilvegar skal søkast om og godkjennast av kommunen.

Vedtak

Alle vedtak om bygging av skogsvegar skal sendast Statsforvaltaren i Oslo og Viken  til orientering. Fylkeskommunane ved kulturminnevernet og Statsforvaltaren i Oslo og Viken er høringsinstansar i slike saker.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken har ansvaret for at kommunane følger opp regelverk og forskrifter for bygging av skogsvegar.

Klageinstans

Fylkeslandbruksstyret er klageinstans for dei kommunale vedtaka om godkjenning av landbruksvegar.

Tilskot

Det kan søkast tilskot til bygging av skogsvegar. Søknaden må sendast kommunen innan 1. oktober.

Skogfond

Skogfond kan brukast til bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar. Både skogsbilvegar og traktorvegar er omfatta av denne ordninga. Skogfond kan også brukast til sommarvedlikehald av skogsbilvegar (ikkje traktorvegar).

Melding om hogst i verneskog

Skjema for melding om hogst i verneskog.

Hogst av tre på kommunal grunn

Søknadskjema finn du her

Kontaktinformasjon

Skogbrukssjef

Petter Owesen
Epost petter.owesen@gol.kommune.no
Telefon 916 73 909

Kontordagar på Gol er måndag, onsdag og torsdag.