Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Klima og energi

Klimatilpassing

Klimatilpassing inneberer å forstå konsekvensane av at klimaet endrar seg og iverksetje tiltak for å på den eine sida å hindre eller redusere skade, og på den andre sida utnytte mogelegheiten som endringane kan bety.

Tilpassing krev kunnskap om klima

Norge opplev allereie klimaendringar. Fram mot år 2100 vil Norge få eit varmere klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, endra flommønster og stigande havnivå.

Tilpassing til klimaendringar krev kunnskap, både om fortida og dagens klima, korleis klimaet vil verte endra fremover og korleis dette påverker omsyn og interesser som skal verte ivaretatt.

Gol kommune har forankra sitt arbeid med klimatilpassing i kommuneplanens samfunnsdel, og me nyttar klimaprofil Buskerud i vår Risiko og sårbarhetsanalyse (ROS) frå 2017. I ROSen er ulike scenarier som følge av klimaendringane skildra, og dette gjeld fyrst og fremst flom, ras og skogbrann. I kommunens beredskapsplan er også konsekvensar som følgje av dette teke med.

Gol kommuner har fått på plass eit kunnskapsgrunnlag som blant anna syner oss skredutsatt terreng, bratte vassdrag som kan utgjere kritiske punkt og områder utsett for flom.

Skredfarekartlegging i Gol og Hemsedal (PDF) (sak 17/04291-8)

Kartlegging av kritiske punkt (PDF) (rapport frå Skred AS)

Gol er kåra til beste småkommune i Norge på klimatilpassing i 2020

CICERO og forsikringsselskapet If har gjennom ei spørjeundersøking om klimatilpassing blant alle landets kommunar kåra Gol kommune til beste småkommune (under 5000 innbyggjarar) og til beste innlandskommune uavhengig av innbyggjartal i 2020.

Sjå videoen frå Gol her (youtube.com)

Sjå video frå alle kommunene her (youtube.com)

Sjå Ekstremværrapporten for meir informasjon om undersøkinga.

Klimasatsprosjekt i Gol kommune

Kartlegging av mobilitet i Gol sentrum

Asplan viak har gjort ei kartlegging av tilgjengelighet og sentralitet i tettstedet Gol for å finne forbindelser som har størst potensial til å få flere til å gå og sykle, og dermed bidra med reduksjon i klimagassutslipp fra transport. 

Rapport - kartlegging av mobilitet (PDF)

Klimaambisiøst avløpsanlegg

Norconsult har utarbeida ein rapport der det vert peika på korleis utbygginga av Gol avløpsanlegg kan vere meir klima- og energivenleg. 

Sjå rapporten her

Klimavenleg samferdselsløft i Gol kommune

Korleis kan ein byggje nye vegard og annan infrastruktur eller vedlikehalde eksisterande anlegg på ein meir klimavenelg måte?

Norconsult har belyst tematikken i ein eigen rapport.

Rapport - klimavenleg samferdselsløft (PDF)

Klimaråd i Gol kommune

Det er oppretta eit klimaråd i Gol kommune. Dette skjer som resultat av vedteken energi- og klimaplan hausten 2018. 

Målet med klimarådet er å ha klimasaker synleg og på dagsorden, godt forankra i kommuneleiinga. 

Klimarådet vert leia av ordførar og består ellers av kommunedirektør, kommunalsjef og miljøvernrådgjevar. Klimarådet vil invitere viktige aktørar i klimaarbeidet til sine møter, og engasjherer seg i ungdomsrådet. 

Saker til klimarådet kan sendast til postmottak@gol.kommune.no

Klimarådsmøter

2019

2020

Alle møtereferat er i PDF format.

Klimaprisen

Gol kommune skal årleg dele ut ein klimapris for å verdsetje og inspirere innbyggjarane til å gjere ein innsats for klima og miljøet lokalt.

Kriterer for å få prisen:

  • Tiltak som kan vere til inspirasjon for andre og ha overføringsverdi
  • Tiltak som spreier kunnskap om klima- og miljøtiltak
  • Tiltak som bidreg til lågutsleppsamfunnet i Gol, og omstilling til lokal fornybar energi
  • Tiltak som bidreg til kutt i klimagassar

Fyrste pris vart tildelt Linda Berget Flaget i kommunestyremøte 8.mars 2022.

Energi-og klimaplan

Energi- og klimaplanen for Gol kommune har som mål å sørge for nedgang i utslepp og energibruk.

Energi- og klimaplan 2018-2021 (PDF)

Sjå fleire dokument her

Aktuelle lenker