Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no) er ein sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljøvennlig og samtidig lønsamt.

Ein godkjent konsulent hjelper deg med å finne frem til effektive miljø - og klimatiltak. Verksemda vil verta godkjennt av ein offentlig sertifisør.

Sertifikatet bestillast hos Stiftelsen Miljøfyrtårn og utstedes av sertifisør og ordførar i kommunen.

Auka kildesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvær er positive resultat som vert oppnådd gjennom sertifisering. Stadig fleire offentlige instansar og private bedrifter stiller krav til sine leverandørar om at de er miljøsertifisert.

Informasjonsbrosjyre (PDF)

Veiledning

For andre verksemder som vil bli miljøfyrtårnsertifisert skal ein kontakte ein miljøfyrtårnkonsulent (ta kontakt med eigen kommune) som bidrar til å velje bransjekrav.

Det er utvikla krav innafor ulike bransjar (for eksempel røyrleggar, hotell, barnehage og skule).

Med stønad av konsulenten gjennomfører verksemda så ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava kontaktar konsulenten kommunens sertifisør.
Verksemda sertifiseras og rapport sendes Stiftelsen Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen.

Etter tre år skal verksemda resertifiserast.
Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftelsen Miljøfyrtårn.

Kontaktperson

Miljøvernrådgjevar

Jørn Magne Forland
Telefon: 32 02 90 76
E-post: jorn.magne.forland@gol.kommune.no

Arbeidsdagar: Måndag, onsdag, torsdag og annankvar fredag