Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kulturprisen

Statuttar for Gol kommune sin kulturpris
  1. Gol kommune sin kulturpris har som føremål å hjelpe fram kulturarbeidet i kommunen..
  2. Kulturprisen kan delast ut kvart år innan utgangen av året i tilknytning til eit kommunestyremøte eller kulturarrangement. Utval for kultur og levekår peikar ut prisvinnaren. Ein representant for utvalet står for prisutdelinga.
  3. Kulturprisen består at eit kunstnarleg arbeid og eit diplom.Dersom prisen for eitt år blir delt ,skal kvar prisvinnar ha lik del av prisen.
  4. Prisvinnar, som bur eller arbeider i Gol kommune, kan vere ein einskildperson, gruppe av personar, institusjon eller organisasjon som har vist/viser evne og vilje til å yte kulturinnsats utover det vanlege.
  5. Profesjonelle kulturarbeidarar og amatørar bør ha same høve til å bli prisvinnar. Kulturprisen kan ikkje delast ut til personar tilsett av det offentlege for kulturarbeid i tenesta. Kulturprisen kan heller ikkje delast ut til landsomfattande organisasjonar, offentlege institusjonar og normalt heller ikkje personar tilsett i slike samanslutningar. Ingen kan få prisen meir enn ein gong.
  6. Medlemene av Utval for kultur og levekår, frivillige organisasjonar,institusjonar og einskildpersonar kan sende skriftleg forslag på kandidatar til kulturkontoret. Forutan namn på kandidaten må det gjevast ei kort grunngjeving for forslaget.
  7. Prisvinnaren sitt namn blir kunngjort etter at Utval for kultur og levekår har gjort vedtak. Møteprotokollen skal berre innehalde prisvinnaren sitt namn.
Desse har fått Gol kommune sin kulturpris

1988: Hans Lien
1989: Gudrun og Asle K. Hesla
1990: Asbjørn Windingstad
1991: Halgrim Ulsaker
1992: Edin Morken
1993: Mette Hoftun Hovland
1994: Hans Eidsgaard
1995: Åse og Reidar Hovde
1996: Synnøve og Svein Ness
1997: Myklefossens venner
1998: Øistein Holtmon
1999: Erling Lio
2000: Thomas Stensgård
2001: Olav Brønstad
2002: Torbjørn Rustberggard
2003: Marianne og Magne Øynebråten
2004: Grønlio Grendalag
2005: Sverre Søgnen
2006: Olav Skredderberget
2007: Wigger Liahagen
2008: Jon Brunborg
2009: Gudrun Bøthun
2010: Eirik Rust og Asbjørn Bjørkedokken
2011: Sissel Bjørøen
2012: Arne Gjengedal Hesla
2013: Kåre Olav Solhjell
2014: Torleiv Bøygard
2015: Kari Hjørdis Leikvold
2016: Per Lie
2017: Solveig Villand Lindheim
2018: Ingeborg og Erik Øynebråten
2019: Gunnar Bjørn Gulliksen
2020: Gunhild Sørum
2021: NMK Gol
2022: Inger Marie Lien Rust
2023: Gry Elise Haavelmoen