Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Psykisk helse og rusomsorg

Psykisk helsearbeid i kommunane er tiltak retta mot menneske med psykiske vanskar, lidingar og konsekvensar av desse hjå den enkelte, familien og nettverket deira.

Psykisk helse handlar om evna vår til å meistre tankar, kjensler, åtferd og kvardagen sitt krav i forhold til ulike livssituasjonar.

Alle møter motgang i ei eller anna form ei eller anna gong i livet. Meir kunnskap og informasjon om kvar det er hjelp å få og det å vere open om psykisk sjukdom, er viktig for å hjelpe den enkelte og førebygge psykiske problem.

Mange vil klare seg på eiga hand eller med støtte og behandling frå helsetenesta. Er hjelpa tilgjengeleg straks, er det store mogelegheiter for å bli frisk.

Psykisk helsearbeid er òg helsefremmande og førebyggande arbeid, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motverke stigmatisering og diskriminering.

Psykisk helsearbeid i kommunen vert avgrensa mot psykisk helsevern, som er psykisk helseteneste på spesialtenestenivå.

I Gol kommune møter du tilsette som har kunnskap og som veit korleis dei skal møte menneske som slit med psykiske problem. Dei har òg oversikt over kva tilbod og moglegheiter som finst i kommunen.

Alle som bur i Gol kommune kan ta kontakt direkte med psykisk helse.

Pakkeforløp

Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og sammenhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, fastlege, spesialisthelsetjenesten, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.

Dei tre første pakkeforløpa skal takasts i bruk frå 1. januar 2019. Det er:

  • Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
  • Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, voksne
  • Pakkeforløp for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)

Meir informasjon fins på nettsida til Helsedirektoratet

Pakkeforløp for psykisk helse og rus (helsedirektoratet.no).

I vår kommune kan Psykisk helse kontaktast for nærmere informasjon om pakkeforløpa for psykisk helse og rus.

Ulike meistringskurs

Kurs i meistring av depresjon - KID, er utarbeida for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemd eller er deprimert (fra lett til moderat) på en slik måte at det går utover evnen til å fungere og på kvaliteten på livet.

For meir opplysningar, ta kontakt med:

Marianne J.Fauske

Telefon: 916 38 029

E-post: marianne.jothun.fauske@gol.kommune.no

Gratis brukarutstyr

Alle norske kommunar er pålagt og ha eit system for utdeling av gratis brukarutstyr til rusavhengige, fastbuande eller besøkande/gjennomreisande.

I Gol kommune blir det delt ut pakker med utstyr. Har de behov for ei slik pakke ring telefon 916 73 949. Det blir avtalt møtestad i Gol sentrum.

Rusmiddelmisbrukarar har like rettar til tenester og tilbod i kommunen som andre innbyggarar.
Rusmisbruket er derimot eit problem som krev særlege hjelpetiltak og disse er heimla i Lov om sosiale tenester kapittel 6, 7 og 9 (lovdata.no).

Gjennom råd, veiledning, hjelpetiltak og addisutredning (lovdata.no) skal helse- og sosialtenesta hjelpe den enkelte å kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmidler.

På tilsvarande måte skal vedkomande sin familie få råd, rettleiing og hjelp.
Når det er behov for det og klienten ynskjer det, skal tenesta sørgje for eit behandlingsopplegg.

Dette opplegget kan blant anna omfatte oppnemning av støttekontakt, etablering av støtteopplegg på arbeidsplassen og kontakt med primærhelseteneste og spesialtenester.
Ansvar for trygdeytingar og økonomisk stønad er lagt til NAV (nav.no).

Lenke til addisutredning (addis.no)

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er ein grunnleggjande verd, ein lovfesta rett og eit verkemiddel i psykisk helsearbeid.

Brukarmedverknad skal bidra til betre kvalitet på tenestetilbodet og til å fremje sjølvstende og evna til å meistre eige liv.

Avdeling Psykisk helse legg stor vekt på eit nært og godt samarbeid med brukarane og brukarorganisasjonar både når det gjeld tenestetilbodet til den enkelte og utviding av tenestetilbodet til psykisk helsefeltet generelt.

Støttesamtale

Kvalifisert helsepersonell tilbyr støttesamtaler til personar med psykisk sjukdom, livskriser og/eller rusproblem.
Allianse og tillitsforhold, stabilitet og kontinuitet er stikkord i oppfølging.

Dei held auge med, fangar opp signal og svingingar i sjukdomsforløp, gjer vurderingar, set i gang tiltak m.m.

Ein behandlar/kontaktperson i psykisk helse formidlar tenester på andre område og kan vere talsperson/tilretteleggar for at den som søkjer hjelp hentar ut sine rettar i det offentlege.

Miljøteneste

Tilrettelegging for meistring av daglege gjeremål, etablering av gode rutinar for å ha ein grei levestandard, økonomirådgiving, stimulere til aktivitet og sosialt nettverk er nokon av mange arbeidsområde miljøtenesta i Psykisk helse tilbyr.

Omfanget av tenestene vert avtalt med den enkelte.

Arbeid

Det er mogleg å vera i arbeid til tross for helseplager. å vere i arbeid, enten deltid eller heiltid, kan dessutan ha ein positiv effekt på helsa di.
Nye behandlingstilbod og tettare oppfølging kan få deg raskare attende.
Tilsette i Psykisk helse kan og hjelpe til med å legge til rette for små og store arbeidsoppdrag.

NAV Arbeid (nav.no)

VINN Hallingdal (vinn-hallingdal.no)

FRETEX Gol (fretex.no)

Treff

Psykisk helse arrangerer treff fleir dagar/kveldar i veka. Det er ein møteplass for brukerar og tilsette.
Her kan du kome om du treng å vera saman med andre. Det blir servert lunsj/middag til sjølvkost.

Dine rettar

Viss du blir sjuk, har du mange rettar som pasient. I Noreg har du mellom anna rett til nødvendig helsehjelp, eigen fastlege, vurdering i spesialhelsetenesta, rett til val av sjukehus og rett til å klage på behandlinga.

I kritiske og livstruande situasjonar skal du straks ringe naudnummeret 113. Forklar kva som har skjedd, fortel kva for ei adresse du ynskajr hjelpa til og kva for eit telefonnummer du ringer frå.

Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil seie at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakte fastlegen din, eller næraste legevakt. I tillegg finst følgjande tilbod til personar som er i psykisk krise.

Meir informasjon kan du finne på Sosial- og helsedirektoratet sine sider (regjeringen.no)

Sjølvhjelpsgrupper

Selvhjelp Norge er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Det har i den seinare tid vore arrangert møter og seminar om etablering av sjølvhjelpsgrupper i Hallingdal.

Kva er ei sjølvhjelpsgruppe og kven kan delta?

Ei sjølvhjelpsgruppe kan være ein verkstad for endringsarbeid, for å få tak i eit problem som gjer avgrensingar i kvardagen.
Det handlar om å ta i bruk ibuande kunnskap, erfaring og ressursar, og handtere livet på ein sunn måte.

Målsetjinga med sjølvhjelpsgrupper er å fremje innsikt, auke meistringsevna, betre livskvaliteten og gradvis våge å setja ord på tankar og følelsar saman med andre er gruppa sitt verktøy for å koma vidare i livet.

Omgrepet sjølvorganisert sjølvhjelp blir brukt for å skildre at denne typen sjølvhjelpsarbeid går føre utan fagfolk som leiar arbeidet. men gruppene blir starta ofte med hjelp av ein igangsetjar.

Målsetjinga me denne artikkelen er å spreie informasjon og bidra til etablering av sjølvhjelpsgrupper.

Har du spørsmål om sjølvhjelpsgrupper eller det å vera ein igangsetjar eller ynskjer tilsendt informasjon, ta gjerne kontakt med Psykisk helse:

Marianne J.Fauske

Telefon: 916 38 029

E-post: marianne.jothun.fauske@gol.kommune.no

Nic Morten Eilertsen

Telefon: 468 80 253

E-post: nic.morten.eilertsen@gol.kommune.no

Kontaktinformasjon og søknadsskjema
Kontakt tenesta på dagtid

Ida Cecilie Svensson

Telefon: 948 29 522

Konstituert områdeleiar

Nic Morten Eilertsen

Telefon: 468 80 253

E-post: nic.morten.eilertsen@gol.kommune.no

Besøksadresse

Enden 4, 3550 GOL

Søknadsskjema helse-og omsorgstenester (PDF)