Vaksinering for 2023 blei avholdt 24, 25, 26 oktober og 8 november på bedehuset.
Ønskjer du vaksine ta kontakt med Gol Helsestasjon, dei vil samle opp førespurnadar og ta vaksinering fortløpande ved behov.
Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
I tillegg blir influensavaksine anbefalt til
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl
Personar i følgande risikogrupper bør ta ein ny oppfriskningsdose med koronavaksine i haust
- personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimspasientar
- personar i aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe
- ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
- barn 5–11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom legen til barnet vurderer dette som viktig
- gravide i 2. og 3. trimester
Sjå fhi.no si nettside for meir informasjon:
Informasjon om koronavaksine (fhi.no)
Prisar som gjeld for risikogruppene i alle kommunar i Hallingdal (inkludert konsultasjonsgebyr)
- Influensavaksine: 200,-
- Koronavaksine: gratis
- Pneumokokkvaksine: 400,- vil gå føre seg på eigen oppsett dato
Spørsmål og andre førespurnader om vaksine kan stillast til Gol helsestasjon på telefon: 32 02 92 15.