Rett til grunnskuleopplæring for vaksne blir omtalt i kapittel 4A i opplæringslova (lovdata.no).
Det er 3 kriterium som gjeld i vurderinga av om du har rett til slik opplæring.
Dei 3 kriteria er:
- Du må vere over opplæringspliktig alder (16 år)
- Du har ikkje rett til vidaregåande opplæring (ungdomsretten-etter §3-1 i lova)
- Du treng grunnskuleopplæring
Opplæringslova §3-1 beskriv retten til vidaregåande opplæring for ungdom slik (lovdata.no): "Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til... vidaregåande opplæring".
Punkt 2 peikar altså på ikkje fullført grunnskule.
Sjølv om du har grunnskule frå heimlandet, må du likevel kunne dokumentere det for å få retten til vidaregåande opplæring.
Punkt 3 er ei skjønnsvurdering.
Du treng kanskje ei styrking av kunnskap i til dømes engelsk eller matematikk i arbeidet ditt.
Du treng kanskje ei generell styrking av din kunnskap fordi du ynskjer å ta meir utdanning som vaksen.
Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.
Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.