Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vanlege spørsmål om renovasjon

Kva kostar tenesta?

Renovasjonsgebyret sendast ut saman med dei kommunale gebyra.

Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar  
Dunkrenovasjon kr. 3992,-
Renovasjon dunk stor kr. 5914,-
Containerrenovasjon kr. 3759,-
Hytte-/ stølsrenovasjon kr. 2168,-
Utvida henteavstand kr. 425,-

Heimekompostering gir 15 % reduksjon av gebyret.
For hytte-/stølrenovasjon gis det ikkje reduksjon.

Beregning av kommunale avfallsgebyr (PDF)

Det har ikkje blitt tømt hos oss

Det kan vere fleire grunnar til at dunken ikkje er tømt:

  • Står dunken din meir enn 5 meter frå vegen?
  • Er dunken overfylt?
  • Er det feil type avfall i feil dunk?
  • Er det forsvarlig måka og/eller strødd?
  • Står dunkane lett synleg?
  • Har du satt fram dunken i rett tid? Setter du frem dunken på tømmedag, skal den settas fram før klokka 06.00.

Er alt i orden og renovasjonsbilen likevel ikkje har vore hos deg, ta kontakt med Hallingdal renovasjon.

Eg treng å bestille avfallsdunkar

Nye abonnentar som treng avfallsdunkar, må ta kontakt med kommunen. Det blir utlevert dunkar ved bruksløyve/ferdigattest av nye bustader.

Eg manglar sekk til plastavfallet

Det vert køyrt ut plastsekkar om våren. Dersom du treng fleire får du det på det lokale avfallsmottaket i Klemmavegen.

Eg treng større dunk

Treng du fleire eller større avfallsdunkar kan du få det.

Containerrenovasjon/hytterenovasjon

Rundt om i kommunen er det plassert containerar/molokar eller liknande til bruk for bustader med bringeordning og for kommunens hytter. Containerane kan kun nyttast til hushaldningsavfall.

Abonnentar med dunkrenovasjon kan ikkje nytte desse plassane.

Kan eg få fritak frå renovasjonsordninga?

Det er felles retningsliner for fritak som er retningsgivande om du kan få fritak.

Felles retningsliner (PDF)

Søknadsskjema - Renovasjon (PDF)

Vedtak fatta etter retningslinjene er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklagast i henhald til klagereglane i forvaltningslova.

Heimekompostering

Felles retningslinjer for fritak er retningsgivande for å få redusert gebyr ved heimekompostering.

Håndbok i heimekompostering (gir.hm.no)

Kan eg dele avfallsdunkar med naboen?

Ja, viss du ønsker å dele dunkar med naboen, kan du ta kontakt med Hallingdal renovasjon (gol.kommune.no)

Fleire spørsmål?

På Hallingdal renovasjon IKS sine nettsider finner du fleire spørsmål og svar (hallingdalrenovasjon.no).

Du kan og følgje dei på Facebook (facebook.com).