Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Levere avfall

For privatpersonar som betaler renovasjonsgebyr er det gratis å levere på avfallsmottakene. Det forutset at avfallet vert levert med personbil med eller utan tilhengar, og at avfallet sorterast ved levering. Er det næringsavfall må du ta kontakt med personalet for prisar.

Opningstider avfallsmottak Klemmavegen

Lokalt mottak i Klemmavegen 35 i Gol (heilt i enden av vegen)

Opningstider:

  • Måndagar kl. 10-19 (12-19 i perioden 01.11 - 31.03)
  • Onsdagar  kl. 10-19 (12-19 i perioden 01.11 - 31.03)
  • Laurdagar kl. 10-14

Kart Klemmavegen 35 (PDF)

Regionalt mottak i Kleivi

  • Måndagar, onsdagar, torsdagar og fredagar kl. 07-15
  • Tysdagar kl. 07-19
  • Laurdagar kl. 10-14

Kart Kleivi (PDF)

Kvist og hageavfall

Hallingdal renovasjon sitt mottak for kvist og hageavfall er primært eit tilbod til private abonnentar.

Kvist og hageavfall kvernas og brukas som stukturmateriale i prosessen med kompostering av slam. Det er viktig at det ikkje medfølgjer stein, metall eller anna avfall som kan skade kverneutstyret.

For næringsdrivande tek dei imot kvist og hageavfall så langt dei har behov. Næringsdrivande kan ikkje levere til lokale avfallsmottak i kommunane, da kapasiteten der berre er tilpassa private abonnentar.

Næringsdrivande kan levere til Hagaskogen komposteringsanlegg på Torpo i Ål kommune. Slike leveransar må avtalast på forhand.

Farleg avfall

Farleg avfall kan leverast lokalt mottak på Gol i Klemmavegen eller til behandlingsanlegget i Kleivi i Ål.

Når du leverer farleg avfall, så sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet.

Døme på farleg avfall er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (finst eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Asbestholdige materiale
  • PCB-holdige isolerglasruter (finst eiga returordning)
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (finst eiga returordning)

Pris: For hushaldningane er det gratis å levere farleg avfall sidan kostnader knyta til dette skal dekkjast over renovasjonsgebyret.

Verksemder må betale gebyr ved levering av avfallet.