Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Avfall som ikkje er ein del av renovasjonsordninga

Brenning av avfall

Det er kommunen som kan tillate kva som kan brennast, soframt ein ikkje har løyve frå Fylkesmannen eller SFT. 

Brannvesenet (hbr.no) skal varslast der brenning kan vere risikofylt eller på tider av året det må gjevast dispensasjon frå brannsjefen.

Det er generelt bålforbod i skogmark eller i nærleiken til skogmark i perioda 15.04 til 15.09.

Ulovleg deponering av avfall

Kommunen vil gjerne ha beskjed om ulovleg dumping eller deponering av avfall.

I samsvar med forureiningslova § 28 (forbod mot forsøpling) skal ingen tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet.

Næringsavfall

Det er kommunane som har myndighet til å føre tilsyn med bedrifter som har næringsavfall
jf. forureiningslova § 48

Forskrift om innkrevjing av gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall, Gol kommune (lovdata.no)