Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Slamtømming

Det er tvungen tømming av alle slamtankar.

Planlagde tømmingar i 2023

Frå veke 32 til veke 41 vil Telemark Godslinjer utføre slamtømming i Gol kommune.

Tette tankar vært tømt i vekene 32 – 36, medan dei øvrige anlegga vert tømt i vekene 32 – 41. Tankar som må tømmast med spesialbil/traktor vert tømt i vekene 28 – 33.

Alle som har slamanlegg som skal tømmast får melding om dette. Du vil i god tid mota informasjon enten som SMS eller som kort i posten om når dei kjem.

Det er tvungen tømming av alle slamtankar. Dvs. at slamtanken skal tømmast/kontrollerast sjølv om bustaden/fritidsbustaden har stått tom eller har vore lite i bruk.

Hugs å gjere det så enkelt som råd å koma fram til septiktanken. Grav fram lokket, også rundt lokket slik at det er enkelt å løfte det av. Merk og gjer tanken tilgjengeleg slik at det er enklare å vite at dei tømmer rett tank. Dersom du har bom inn til hytta må denne låsast opp.

Dersom du tidlegare har fått melding om å utbetre feil eller manglar på anlegget, kan det vere lurt å gjere det no. Telemark Godslinjer må få beskjed dersom det er aktuelt.

Tømmefrekvens for slamavskiljarar og tette tankar:

  • Eigedomar med fast busetjing kvart 2.år
  • Fritidsbustader kvart 4.år
  • Tette tankar kvart år

Kommunen kan bestemme anna tømmehyppigheit.

Ordninga med tømming av private avløpsanlegg er interkommunal og blir organisert av det interkommuanle selskapet KAV. Firmaet Telemark Godslinjer utfører tømming og transport.

Ekstratømming utover faste tømmefrekvens må bestillast direkte hos Telemark Godslinjer. Du vil mota eiga faktura på denne tømminga av kommunen.

Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytte dette vakttelefonnummeret: 959 84 903.

I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken. Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for framandlegement. Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.

Hugsereglar før tømming
  • Tanken må vere grove fram og fri for jord eller snø. 
  • Grav også godt rundt tanklokket slik at det er enkelt å løfte av. 
  • Tømmebilen må ha god tilkomst.
  • Tilkomstvegen må vere fri for tre og buskar.
  • Hugs at dei som kjem for å tømme tanken ikkje veit nøyaktig kvar tanken er plassert. Merk difor plasseringa av tanken godt slik at dei tømmer riktig tank. Legg for eksempel brevet om tømming i ein pose og legg under ein stein på tanken. Du kan og markere tanken med ei tydeleg merka stikke. 
  • Dersom tanken ikkje er klargjort/merka før tømming, eller vi blir nekta å utføre tømminga når vi kjem på plassen, vil du likevel få årleg gebyr på vanleg måte. 
  • Du vil få utlevert kvittering på ferdig utført arbeid så snart vi har tømt tanken; enten som SMS, i postkassa, på tanklokket eller hengt på døra.
 
Tidspunkt for tømming
  • Du blir varsla via SMS eller brev i god tid før tømming slik at du rekk å gjere klar tanken 
  • Dersom tidspunktet du får beskjed om ikkje passer, er det viktig at du gir beskjed i god tid, så avtaler vi nytt tidspunkt 
  • Dersom abonnenten ikkje tek kontakt og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare.
Slik fungerer slamavskiljarar

I ein slamavskiljar går alt avløp det første kammeret i slamavskiljaren. Vidare blir slammet separert over i det andre og tredje kammeret der det er utløp.

Innløp: Rør frå huset går i 1. kammer til septiktanken. Når toalettet tappar seint ned kan dette tyde på at røret er tett, eller at det har bygd seg opp masse akkurat i enden av innløpet til septiktanken.

Dykk innløp: Det er ifølge regelverket ikkje krav om dykk på innløpet i tanken (ikkje innteikna), men det kan ofte vere til hjelp for å hindre at det tettar seg i inngangen til innløpet. Dette kan vere eit problem dersom ein har dårleg fall på røyra mellom hus og tank.

1. kammer: Innløpet går inn i 1. kammer i septiktanken. Når septiktanken fungerer som den skal, og har god gjæring, er det vanleg med ei "kake" av fast masse på toppen. Det er viktig å merke seg at det er vanleg med denne "kaka", og at septiktanken kan fungere utan problem til neste ordinære tømming.

Nivå i tanken: Nivået for ein godt fungerande septiktank skal stå like høgt som utløpet. Tanken er ikkje full og kan fungere godt fram til neste tømerunde. Er nivået under utløpet til tanken kan dette tyde på at tanken ikkje er tett. Reparasjon er då påkravd. Er nivået over utløpet kan dette tyde på at røret ut frå tanken er tett.

2. kammer:  I dette kammeret blir slammet separert frå 1. kammer i septiktanken. Dette kammeret inneheld betydeleg mindre slam enn 1. kammer.

3. kammer: Dette er det siste kammer der slammet blir separert og er eit slags "klarings-kammer". Frå dette kammeret er det eit utløp som fører vatnet i tanken ut i ei filtreringsgrøft, grunnen, kommunal leidning eller liknande. Dette kammeret inneheld særs lite slam.

Dykk utløp: Dykk på utløp er lovpålagt. Dette for å hindre at slam går til filtergrøft og grunnen.

Utløp: Fungerer ein septiktank slik den skal, vil det i utløpet frå 3. kammer renne "reint" vatn ut til ei sandfilter-grøft, grunnen eller liknande.

Tømming
Ved tømming av slamavskiljarar blir heile tanken tømt, før reinsa vatn blir returnert tilbake på tanken.

Septiktank

Ein eldre slamavskiljar utan kammer blir ofte kalla septiktank.

Slik fungerer tette tankar

I ein tett tank blir avløp samla opp i tanken. Tanken har ikkje noko utløp, og slammet blir ikkje reinsa.

Tømming av tett tank

Ved tømming av tett tank, blir alt innhaldet i tanken tømt utan retur av reinsa vatn.

Det er i utgangspunktet ikkje lov med tette tankar i Gol. I enkelte hyttefelt og område der det ikkje er mogleg med utslepp er det i enkelte tilfelle opna for dette.

Om du har ein tett tank, er det viktig å passe på at toalettet ikkje lek. Dette fører til at tanken fyller seg unødvendig fort opp.

Har du problem med tanken?

Det kan vere fleire grunnar til dette     

Innløp: Røyra frå huset går i tanken. At toalettet tapper seint ned kan tyde på at røyret er tett eller at tanken er så full, at nivået er høgare enn innløpet.

Trinnvise løysingar:
1. Løft av lokket på tanken
2. Er nivået i tanken opp til innløpet?
3. Dersom ja, kontakt Telemarks Godslinjer for tømming av tanken. 

Nivå i tanken: Nivået for ein tett tank varierer, etter bruk av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner. Nokre har også gråvasstank ved sida av ein tett tank, der vaskevatn blir filtrert/samla opp.


Nivået for ein tett tank må ikkje gå over innløpet på tanken. Dersom det skjer vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige så høgt at det til slutt vil renne over i tanken.

Det er abonnenten sitt ansvar å sørge for at tanken blir tømt og fungerer etter utsleppsløyve.

Dykk innløp: Det er i følge regelverket ikkje krav om dykk på innløpet. For ein tett septiktank er ikkje dette like viktig som for ein slamavskiljar.

Ofte stilte spørsmål

Er du lei av å grave fram tanken din?

Dersom du er lei av å grav fram tanken din, kan du fore opp tanken din slik at lokket ligg i dagen. Din lokale røyrleggjar kan hjelpe deg med dette. Ved nedlegging av ny tank kan du spesialbestille tank med ekstra oppforing frå fabrikk.

Ikkje klargjord septiktank - kva skjer då?

Dersom septiktanken ikkje er tilgjengeleg for tømming når septikbilen kjem, blir dette registrert. Dersom abonnenten med god grunn ikkje klarer å klargjere tanken i rett tid, må han ta kontakt med renovatør snarast råd. Nytt tidspunkt kan då avtalast. Tek abonnenten ikkje kontakt med renovatør, og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare. Ny tømming må da avklarast så snart som råd. Denne tømminga blir rekna som ekstratømming.

Kva er ekstratømming?

Ekstratømming er tømming av septiktanken utanom ordinær rutetømming.

Kva er nødtømming?

Nødtømming gjeld i dei tilfella det verkeleg  hastar med å få tanken tømt.

Tanken min er tømd, men likevel ser den full ut?

Når tanken blir tømd blir alt innhald i tanken pumpa inn på bil og separert der. Det reinsa vatnet blir sendt tilbake til tanken for at den viktige gjæringsprosessen skal kome raskare i gang i tanken, men og for å spare miljøet for eksos og anna utslepp frå lastebilen. I tillegg fører denne tilbakelegginga av det separerte vatnet til at ein unngår transport av store mengder vatn over store avstandar.

Kva er gråvasstank?

I ein gråvasstank blir alt som ikkje går i septiktanken oppsamla: bad-, oppvask - og vaskevatn.

Kloakklukt i huset - kva er gale?

Som oftast kjem dette problemet av vasslås som tørkar ut. Vasslåsane tørkar ofte ut om til dømes varmekablar ligg for nær vasslåsen, eller ved lite bruk av dusjkabinett o.l.

Kva skal ikkje kastast i toalettet?

For at du skal sikre optimal drift på din septiktank og sleppe at rørgater og lignande tettar seg, er det ikkje alt som skal i toalettet:

  • Våtserviettar
  • Filler
  • WC-blokker
  • Olje
  • Mjølk frå mjølkerom/fjøs
  • Fett

Kva kostar tenesta?

Døme på utreking av dei forskjellige anleggstypane

Gebyr for slamtømming
Gebyr for slamtømming / behandling / transport
Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar  
Årleg fast gebyr for alle anlegg kr.  100,-
Oppmøtegebyr - slamavskillere/minirenseanlegg kr.   550,-
Oppmøtegebyr - tette tanker/gråvannsanlegg o.l kr.   450,-
Oppmøtegebyr - store anlegg kr. 1400,-
Oppmøtegebyr - ekstratømminger kr. 1100,-
Oppmøtegebyr - nødtømminger kr. 3500,-
Oppmøtegebyr - ekstratømming  traktor kr. 1800,-
Oppmøtegebyr - nødtømming traktor kr. 2750,-
Pr. m3 - slamavskillere kr.   250,-
Pr. m3 - tette tanker/minirenseanlegg o.l kr.   320,-
pr. m3 - store anlegg/kap. 13 Kr.   220,-
Pr. m3 ved ekstra- og nødtømminger kr.   320,-
Traktor/spesialbil/liten bil kr.   650,-
Rensegebyr for tette tanker/ekstra- og nødtømminger o.l pr. m3 kr.   500,-
Rensegebyr for minirenseanlegg/renseanlegg pr. m3 kr.   400,-
Tillegg utenom arbeidstid kr. 1250,- 
Timepris - mobilavvanning kr. 2500,-
Timepris - slamsugerbil kr. 2080,-
Tilsynsgebyr

Gebyr for tilsyn av mindre avløpsanlegg etter Forurensningsforskriften § 11-4

Tilsyn av små avløpsanlegg <50 pe kap. 12  kr.  500,-
Timepris - kontor kr. 1150,-
Timepris - feltarbeid kr. 1150,-

Kva er skilnaden på slamtømmegebyr og tilsynsgebyr for avløpsanlegg?

Slamtømmegebyret dekker kostnader med å samle inn frå private avløpsanlegg.
Tilsynsgebyret dekker dei kostnadene vi har med å føre tilsyn med avløpsanlegg i kommunen.

Kvifor må eg betale tilsynsgebyr?

Tilsyn er ei lovpålagt oppgåve alle kommunane i Noreg må gjere. Dette er eit arbeidsområde ein ser at det ikkje har vore knytta nok ressursar til. Her i Hallingdal er det eit stort etterslep på tilsyn. 

Ved å samarbeide i eit felles kontor for spredt avløp kan ein organisere tilsyna og arbeidet som kjem i etterkant, på ein meir tilfredsstillande måte.

Det kreves kompetanse, personell og økonomi for å gjennomføre tilsyn med små avløpsanlegg. 
Som underliggjande prinsipp gjeld at forurensar skal betale for arbeidet kommunen har i forbindelse med tilsyn med små avløpsanlegg.

Alle som har innlagt vatn og har privat septiktank eller avløpsreinsenlegg som tener mindre enn 50 personar, skal betale eit årleg tilsynsgebyr. 

Dette gebyret er med på og finansiere kontoret sitt arbeid med opprydding i spreidd avløp, samt tilsyn og kartlegging av avløpsanlegga som er godkjent i vårt område.

Kva bruker vi pengane frå tilsynsgebyret til?

Pengane vi får inn, bruker vi til å dekke dei utgiftene vi har for å gjere tilsynsarbeidet. Kommunane skal gjere arbeidet etter sjølvkostprinsippet. Det betyr at vi ikkje kan bruke pengane til noko anna enn det det kostar å gjennomføre tilsynet. Utgiftene vi har, er blant anna nødvendige IT-løysningar, kartlegging av alle avløpsanlegga, møte opp på tilsyn, saksbehandling og rapportering til sentrale myndigheiter.

Kven skal betale tilsynsgebyr for avløpsanlegg?

Dei som eig eigedomar med bygningar som har innlagt vatn og som ikkje er knytt til eit kommunalt avløpsreinseanlegg.
Du må betale sjølv om vatnet er avstengd eller bygget ikkje har innlagt vann.

Må eg betale sjølv om bygningen ikkje er i bruk?

Du må betale tilsynsgebyr sjølv om bygningen ikkje er i bruk. Du må også betale sjølv om tilstanden på bygningen er dårleg.

Kan eg sleppe å betale tilsynsgebyr?

Du slepp å betale tilsynsgebyr dersom:

  • Du eig eit bygg som verken har innlagd vatn eller avløpsanlegg
  • Du eig eit bygg utan innlagd vatn, men har miljømerket biologisk avløpsfritt toalett (for eksempel utedo, biologisk do, forbrenningsdo) som ikkje bruker vatn til spyling.
  • Bygget er revet/brent ned
Eg har tett tank for toalettavløp og gråvasstank. Må eg betale to gebyr?

Bygningar som har avløpsanlegg som skil svartvatn (avløp frå toalett) og gråvatn (alt det andre avløpsvatne), betaler eit tilsynsgebyr.

Eg har berre utslipp av gråvatn. Må eg betale tilsynsgebyr?

Viss du har innlagt vann og utslipp av gråvatn må du betale tilsynsgebyr.

Eg har minireinseanlegg, og servicepersonell ser til anlegget jamleg. Kvifor må eg i tillegg betale for at kommunen skal kontrollere det?

Alle som eig eit minireinseanlegg, skal ha ein serviceavtale for anlegget sitt. Utsleppsløyve er ikkje gyldig utan ein slik avtale. Serviceavtalen er ein teknisk oppfølging av minireinseanlegget. Servicepersonellet sjekkar blant anna

  •  at alle dei tekniske komponentane fungerer
  •  beredskap med tanke på reservedeler
  •  påfylling av kjemikaliar

Kommunen sjekkar ting som servicepersonellet ikkje sjekkar. For eksempel kor restutslippet hamner, slik at det ikkje forureinar drikkevatn, badevatn/strender, fiskeplassar, steder der barn leiker eller jordvatning i jordbruk.
Viss servicefirmaet har rapportert om avvik, er det kommunen som følgjer det opp.
Vi sjekkar også at den som eig anlegget, har dei løyva som er nødvendige. Eit eksempel på det er utslippsløyve.

Eg har felles avløpsanlegg med naboen – får vi eit gebyr kvar?

Det er eit gebyr per anlegg. Dersom du deler avløpsanlegg med naboen(e), er det den som anlegget er registrert på som får rekninga. Det er opp til dei som eig eit anlegg saman, å sørgje for at gebyret vert riktig fordelt.

Korleis vert gebyrstørrelsen berekna?

Det er dei kostnadane som er knytt til oppryddingsarbeidet som bestemmer størrelsen på gebyret. Kommunen skal ikkje tene pengar på arbeidet.

Har kommunen lov til å ta tilsynsgebyr?

Det sentrale regelverket gir oss anledning til å ta gebyr:
I forureiningsforskriftas § 11 – 4 står det at kommunane kan vedta ein lokal forskrift om gebyr (gebyrregulativ) for kontrolltiltak. Kontrolltiltaka skal sikre at forureiningsforskrifta vert følgt.
I forureiningslova § 52a står det at forureiningsmyndigheten (kommunen) kan ta gebyr for å sikre at lova eller vedtak etter lova blir følgt.