Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunalt avløpstilsyn og vassområde Hallingdal - KAV

Felleskontoret, forkorta KAV Hallingdal, er eit vertskommunesamarbeid mellom Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal og Ål kommune, der Ål er vertskommune. Kontoret er plassert på Torpomoen, i andre etasje i det nye bygget. Adresse: Torpomoen 27, 3579 Torpo.

Kommunane har ansvar for og plikt til å følgje opp alle løyver, samt føre tilsyn for å hindre forureining. KAV Hallingdal har også overteke ansvaret for sakshandsaming av utsleppsløyver etter Forureiningslova og etablering av avløpsanlegg etter Plan- og bygningslova for kommunane.

Søknader om utsleppsløyve skal som før sendast inn til den kommunen tiltaket er i. Søknadane vil så bli overført til sakshandsamar ved KAV Hallingdal som behandlar søknaden på vegne av kommunen. Søknaden vert arkivert i byggesaksarkivet på din eigedom i "heimkommunen".

Spørsmål om sakshandsaming kan rettast til kommunen din som tidlegare, eller til sakshandsamar ved KAV Hallingdal.

Artikkel om tilsyn ved avdelingsleiar 

I februar 2020 vart kontoret etablert. Kontoret skal arbeide for å sikre god vasskvalitet i Hallingdal. Ein stor del av dette er å følgje opp gamle avløpsanlegg, opprydding i spreidd avløp, samt anlegg det kjem inn merknadar på etter slamtømming. Det er lite informasjon om eldre avløpsløysingar, då det gjennom mange år har blitt godkjent avløpsanlegg utan at det har vore eit god system for å registrere dette.


Går man tilbake i tid, før 1972, var det ikkje søknadsplikt for avløpsanlegg. I tida etter dette var det kommuneoverlegen som avgjorde kvar man kunne plassere avløpsanlegget, då med fokus på å ikkje forureine drikkevatn. Ein periode var det også ingeniør i kommuna som var rundt og tok seg av undersøking av grunnforhold, berekningar, prosjektering osv.

I 2007 fekk me forureiningsforskrifta som sett føringar for korleis me skal gjera det i dag. Det er no private som undersøker, prosjekterar og søkjer på vegne av ein tiltakshavar. Kommunen er forureiningsmynde og skal vurdere søknaden og føre tilsyn med utsleppa. Kommunen skal vurdere heile forureiningsbilde i eit større område. Forureiningslova §7 gir alle ei plikt til unngå forureining og fare for forureining. Utslepp av avløpsvatn er ulovleg, men gjennom utsleppsløyve får man lov til å forureine på visse vilkår.

Det har også skjedd mykje når det kjem til reinsing av avløpsvatn, og mange ulike løysingar dukkar opp på markedet. Tidlegare vart avløpsanlegga registrert for slamtømming, og berre informasjon som var relevant for tømminga vart registrert. Difor vart kvaliteten på registreringane relativt dårleg for å kontrollere alle gamle utslepp. Arbeidet me begynner med no vil rette seg mot alle som har private avløpsanlegg for å få oversikt og kontrollere tilstand.

Lovverket deler anlegga inn i to kategoriar etter størrelse.

  • Kap. 12 < 50PE (personekvivalentar): ca. 1-10 einingar/hytter
  • Kap. 13 > 50 PE: større enn ca. 10 hytter/einingar

Kap. 12 har frå 2020 fått fast tilsynsgebyr for å finansiere arbeidet med kartlegging, organisering av tilsynsarbeidet og rettleiing. Det er mange små avløpsanlegg i Hallingdal og mykje arbeid med tilsyn framover. Planen er å kontrollere alle anlegga gjennom fysisk tilsyn og/eller byggesaksarkiv innan 2033 i tråd med EUs vassdirektiv.

Der me foreløpig berre kartlegger eit større område vil det ikkje bli skrevet rapport og sendt ut i etterkant, men anlegg vert registrert/oppdatert i databasen vår. Varsla tilsyn med enkeltanlegg vil få ein rapport etter avslutta tilsyn.

Når feil og manglar vert avdekka vil det kunne resultere i pålegg om utbetring av avløpsanlegget, eller tilkopling til fellesanlegg. Mindre feil og manglar vil resultere i informasjonsbrev. Dersom alt er i orden vil anlegget bli registret som godkjent. Dersom me under synfaring oppdagar noko som krevjar utbetring innan kort frist kan me gjera vedtak utan å varsle.

Kap. 13 anlegg får gebyr etter medgått tid, då dette er store anlegg som varierer i storleik og kompleksitet. Det gjer det meir rettferdig med varierande storleik på gebyret. Me har ca. 100 større reinseanlegg som me har tilsyn med.

I dei fem kommunane er det ca. 6000 små private avløpsanlegg som me førar tilsyn med. Det er ein omfattande jobb å komme gjennom alle anlegga. Me kan skjønne at det vil vera spørsmål rundt kva tilsynsgebyret går til. Me håpar artikkel i Hytta Vår kan gje svar på nokon av spørsmåla og ein liten innsikt i kva som skjer framover. Det er også informasjon på heimesida til kommuna du er knytt til.

Tilsynsarbeidet kjem til å skje kontinuerlig og planen er på sikt å ha full oversikt der eldre anlegg kan bli skifta ut/rehabilitert i tråd med gjeldande krav. Private avløpsanlegg har i fleire år blitt forsømt av fleire instansar og det kan virke litt overveldande når krava kjem. Det er ofte snakk om ein stor økonomisk kostnad. Dersom det er fleire hyttar som ligger tett og alle får krav om utbetring vil det vera naturleg å tenkje felles avløpsløysing. Dette er ein del av planen om opprydding av spreidd avløpsanlegg. Felles anlegg gir ein sterkare økonomisk ryggrad som gjer vedlikehald og oppfølging enklare for både anleggseigar og tilsynsmynde. Hytteområda i Hallingdal er under stor vekst og infrastrukturen må tilpassast der etter. Avløpsanlegga er ein viktig del av denne infrastrukturen. Me blir stadig fleire som bur tettare og reint og friskt drikkevatn og vassdrag er noko me alle ønskjer.

KAV – Hallingdal
Avdelingsleiar, Glen Arvid Valstad

Tilsette ved KAV

E-post kontoret: kav@hallingdal.no

Gol kommune

Viel Ribberud

E-post: viel.ribberud@aal.kommune.no

Tlf.: 48 14 76 19

Arbeidsdagar: man - tor

Ål kommune/avdelingsleiar

Glen Arvid Valstad

E-post: glen.arvid.valstad@aal.kommune.no

Tlf.: 47 82 53 48

Hemsedal kommune

Kirsti Bjørkmo Guttelvik

E-post: Kirsti.bjorkmo.guttelvik@aal.kommune.no

Tlf.: 91 75 08 79

Nesbyen og Flå kommune

Erling Nerol

E-post: erling.nerol@aal.kommune.no

Tlf.: 48 07 25 68

Vassområdekoordinator

Elin Merete Blixhavn

E-post: elin.merete.blixhavn@aal.kommune.no

Tlf.: 95 92 55 31