Gol kommune har endret måte å sende faktura på
Dersom du i banken din har sagt «ja takk alle/automatisk e-faktura» på e-faktura vil du få fakturaen i nettbanken.
Avtalegiro er det ingen endring på.
Dersom du ikkje har e-faktura avtale, vil vi sende til Vipps, dersom du har avtale om å mota faktura der.
Neste val er til digital postkasse/digipost.
Deretter å sende til e-postadressa di, dersom denne er lagra i kundeopplysningane dine hos oss.
Dersom du ikkje har noko av dette, vil fakturaen komme i posten. Det vil da ikkje være giroblankett på, slik som tidligare. Dei av våre kundar som nyttar brevgiro må difor fylle ut giroen sjølv.
Dersom du ønskjer å sjå kopi av fakturaene dine eller søke om betalingsutsetting, kan du gå inn på www.gol.kommune.no "Mi side" .Logg deg inn på "Mine fakturar".
For firma:
De som pr. i dag kan mota EHF-faktura vil ikkje merke nokon endringar.
Dersom de har aktivert «ja takk alle» eller «automatisk e-faktura» i nettbanken vil de få den som e-faktura.
De som pleier få rekning i posten vil få dette, men det vil ikkje være giroblankett på denne.
Dersom dykkar ikkje kan mota faktura digitalt (EHF/e-faktura), kan de få fakturaen på e-post. Send da ein e-post til postmottak@gol.kommune.no så registrerer vi e-postadressa di.
Vil du dele opp faktura på kommunale gebyr?
Me tilbyr no at du kan få faktura på kommunale gebyr oftare enn tidlegare. Du kan behalde dagens ordning med 2 gonger per år, eller du kan velje mellom å få faktura 4 eller 6 gonger per år.
Einaste kravet er at du må kunne motta faktura digitalt. Eksempel på digital måte å få ein faktura på er; avtalegiro, e-faktura, Vipps og e-post. Brukar du ikkje nettbank og ynskjer å motta faktura på e-post, må du informere oss om e-postadressa.
Dersom du ønskjer å motta faktura fire gonger i året vil du få faktura i mars, mai, august og november. Fakturaene vil ha betalingsfrist 16. månaden etter.
Dersom du ønskjer å motta faktura seks gonger i året vil du få faktura i januar, mars, mai, august, september og november. Fakturaene vil ha betalingsfrist 16. månaden etter.
For deg som ikkje ønskjer å motta faktura oftare, eller framleis ønskjer blankett tilsendt i posten, blir det ingen endringar. De vil motta faktura to gonger i året med betalingsfrist 16.04. og 16.09.
For å inngå avtale om oftare faktura må du ta kontakt med kommunen. Dersom du har fleire eigedommar i kommunen, må du inngå avtale pr. bygg/eigedom.
Ta kontakt med Synnøve på telefon 32 02 90 78 eller fyll ut skjemaet og send det på e-post til synnove.kristiansen@gol.kommune.no
Melding om oppdeling av faktura må være kommunen i hende seinast seks veker før forfall på hovudterminane. Dvs. før 01.03. og 01.08.
Skjema - dele opp faktura
Korleis forstå tilsendt faktura
Sjølvkostkalkyle for 2021
Klage på kommunale eigedomsgebyr
Sjå dine fakturaer
Sjå dine fakturaer frå oss, logg inn med min ID for å sjå dine opplysningar
Kommunale gebyr (vatn, avløp, renovasjon, feiing)
Gol kommune skriv ut fakturaer for kommunale eigedomsgebyr til tinglyst eigar dersom ikkje anna er avtalt. Det er alltid eigar som er ansvarleg for at rekninga vert betalt. Ved tinglysing av eigarskifte vert registra våre oppdatert av Statens kartverk.
Kjøpar og seljar må ved sal ordne opp i rekninga seg i mellom.
Er bygningen seksjonert vert gebyra fakturert per seksjon.
Rekninga er delt på to terminar
1. termin gjeld for perioden 1.1. - 30.6. med forfall 16. april
2. termin gjeld for perioden 1.7. -31.12. med forfall 16. september
Gebyrregulativet er vedteke av Gol kommunestyre 07.12.2021 i sak 90/2021.
Vatn - Årsgebyr
Grunnlag for fastsejing av fast del (abonnementsgebyr) skal ta utgangspunkt i målt forbruk ved siste registrerte målaravlesing for eigedommen.
Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar | |
Mendevariabel del (forbruksgebyr) pr. m3 kr. 14,90 | |
Fast del (abonnementsgebyr) Antall m3 |
Kr. |
0 - 450 | 933,- |
451 - 500 | 2 018,- |
501 - 1000 | 3 975,- |
1001 - 2500 | 7 950,- |
2501 - 5000 | 14 840,- |
5001 - 10000 | 33 920,- |
10001 - 20000 | 84 800,- |
over 20000 | 100 700,- |
Vannpost Glitre
Kunder med nøkkelkort betaler mengdevariabel del (forbruksgebyr) og fastledd (abonementsgebyr) basert på uttak jf. årsgebyr vatn.
Kunder uten nøkkelkort betaler mengdevariabel del (forbruksgebyr) jf. årsgebyr vatn + kr. 700,- pr. oppmøte
Tilknytningsgebyr for vatn
Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar | |
Type bustad/verksemd | Kr. pr. m2 bruksareal |
Bustad 1 (låg sats) | 78,- |
Bustad 2 (normal sats) | 156,- |
Næringsverksemd og industri - som bustad 1 | 78,- |
Gebyr satsar for kategori bustad 1 og bustad 2 gjeld også for bustaddel i bygg med kombinert formål.
- Bustad 1 omfattar bustadeigedom i kommunale eller private bustadfelt som har betalt refusjon eller annan form for opparbeidingskostnad for vatn.
Kloakk - Årsgebyr
Mva. kjem i tillegge til oppgitte prisar | |
Mengdevariabel del (forbruksgebyr) pr. m3 kr. 18,90 | |
Forbruksgebyr for fritidsbustader/stølar der det ikkje er innstallert vassmålar Antall m3 |
Stipulert m3 |
0 - 100 | 30 |
101 - 200 | 50 |
over 200 | 70 |
Fast del (abonnementsgebyr) Antall m3 |
Kr. |
0 -450 | 1 300,- |
451 - 500 | 4 025,- |
501 - 1000 | 6 900,- |
1001 - 2500 | 16 100,- |
2501 - 5000 | 29 900,- |
5001 - 10000 | 59 800,- |
10001 - 15000 | 120 750,- |
15001 - 20000 | 157 550,- |
over 20000 | 195 500,- |
Grunnlag for fastsetjing av fast del (abonnementsgebyr) skal ta utgangspunkt i målt forbruk ved siste registrerte målaravlesning for eigedommen. |
|
Fritidsbustad/støl | 2 070,- |
Vannmålerleige fritidsbustad/støl | 200,- |
Tilknyningsgebyr for kloakk
Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar | |
Type bustad/verksemd | Kr. pr. m2 bruksareal |
Bustad 1 (låg sats) | 83,20 |
Bustad 2 (normal sats) | 166,40 |
Fritidsbustad - som bustad 1 | 83,20 |
Fritidsbustad/støl - som bustad 2 | 166,40 |
Næringsverksemd og industri - som bustad 1 | 83,20 |
Gebyr satsar for kategori bustad 1 og bustad 2 gjeld også for bustaddel i bygg med kombinert formål.
- Bustad 1 omfattar bustadeigedom i kommunale eller private bustadfelt som har betalt refusjon eller anna form for opparbeidingskostnad for avløp.
- Fritidsbustad som bustad 1 omfattar fritidsbustader på erverv/næringsareal (kartfesta blått areal) i reguleringsplanområde der det er betalt anleggstilskot.
Slamtømminggebyr
Gebyr for slamtømming / behandling / transport
Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar |
|
Årleg fast gebyr for alle anlegg |
kr. 0,- |
Pr. m3 for slamavskillere/tette tanker/store anlegg o.l |
kr. 400,- |
Fastgebyr for minirenseanlegg | kr. 600,- |
Pr. m3 for minirenseanlegg |
kr. 550,- |
Fastgebyr for store anlegg | kr. 1 100,- |
Rensegebyr for tette tanker/ekstra- og nødtømminger pr. m3 | kr. 200,- |
Traktor- /spesialbil/liten bil | kr. 550,- |
Oppmøte ved ekstratømminger | kr. 1 400,- |
Oppmøte ved nødtømminger | kr. 3 500,- |
Pr. m3 ved ekstra- og nødtømminger | kr. 575,- |
Ikke utført ekstra- nødtømming | kr. 500,- |
Her finner du døme på utrekning av dei forskjellige anleggstypane
Tilsynsgebyr
Tilsyn av små avløpsanlegg <50 pe. kap. 12, pris pr år | Kr. 500,- |
Timepris kontor | Kr. 900,- |
Timepris - feltarbeid | Kr. 1 100 |
Renovasjonsgebyr
Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar | |
Renovasjon dunk | kr 3 448,- |
Renovasjon dunk stor | kr. 5 229,- |
Kontainerrenovasjon | kr. 2 943,- |
Hytte-/ stølsrenovasjon |
kr. 1 838,- |
Utvida henteavstand |
kr. 395,- |
Heimekompostering gir 15 % reduksjon av gebyret. For hytte-/stølrenovasjon gis det ikkje reduksjon. |
Feiegebyr
Branntilsyn pr. bustad | kr. 1150,- |
Feiesats pr. pipe | kr. 450,- |
Pipe nr. 2 på same hus | kr. 225,- |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 1. gongs varsel- bustad | kr. 316,- |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 2. gongs varsel - bustad | kr. 1150,- |
Branntilsyn - tilsyn fritidsbustad | kr. 1350,- |
Feiing fritidsbustad - pipe 1 | kr. 450,- |
Feiing fritidsbustad - pipe 2 | kr. 225,- |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 1. gongs varsel - fritidsbustad | kr. 316,- |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 2. gongs varsel - fritidsbustad | kr. 1350,- |
Timesats - pr. påbegynte time | kr. 667,- |
Feiing fritidsbustad - fleire enn 2 bygningar med same eigar/geografisk område utført same dag | 1/2 gebyr |
Tilsyn fritidsbustad - fleire enn 2 bygningar med same eigar/geografisk område utført same dag | 1/2 gebyr |