Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Endringar i gebyr for vatn og avløp på grunn av ny forskrift

Ny forskrift om vass- og avløpsgebyr for Gol kommune ble behandla i sak 66/2024 i møte 08.10.2024.

Utvalsmøte - kommunestyremøte 08.10.24

Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Gol kommune, Buskerud - Lovdata

Hovudendringane i den nye forskrifta er:

  • Fastledd bustad/fritidsbustad – Det skal betalast abonnementsgebyr som fast sats per bueining/brukseining. Definisjon på bueining/brukseining sjå § 1–3 punkt h og i i forskrifta.
  • Fritidseigedommar som ikkje har vassmålar får forbruket berekna ut frå eigedommens bruksareal (BRA) etter NS-3940. Det vert nytta eit høvetal på 0,6 m3 per m2 bruksareal.
  • For bustader, fritidsbustader i bruk som bustad og næringsbygg som ikkje har vassmålar vert det nytta eit høvetal på 1,2 m3 per m2 bruksareal.
  • For forretningsbygg/næringseigedommar er det ny inndeling i kategoriar for fastledd.
  • Tilknytingsgebyr blir berekna etter ein fast sats pr. bueining/brukseining.
  • Mellombelse tilknytingar som til dømes brakkeriggar, skal betale tilknytingsgebyr dersom tilknytinga varer meir enn eit år.

Kva kostar tenesta? - Gol kommune

Sist endret: 06.01.2025