Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vassdragsovervaking

Det er Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE) som er vassdragsmynde i Noreg etter vassressurslova. Kommunen er høyringspart saman med Statsforvaltaren. Statsforvaltaren er mynde etter lov om laksefisk og innlandsfisk.

Vassdragsovervaking

Vassdragsovervaking i Hallingdal er eit samarbeid mellom kommunane Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes, Flå og Krødsherad. Hovudvassdraget som er undersøkt er Hallingdalselva med sideelver.

Sjå rapporten for 2010 (PDF)

Hallingdalsvassdraget 2015 - 2017 (vannportalen.no)

Faktaark  - Vannområde Hallingdal (PDF)

Flomsonekart Gol

Hovudmålet med kartleggingen er å betre grunnlaget for vurdering av flaumfare til bruk i arealplanlegging, byggjesaksbehandling og beredskap mot flaum.

Kartleggingen vil også gje betre grunnlag for flaumvarsling og planlegging av flaumsikringstiltak.

Delprosjekt Gol (publikasjoner.nve.no)

EU sitt rammedirektiv for vatn

EUs rammedirektiv for vatn vart vedteke i alle medlemsstatar i år 2000. Noreg har gjennom EØS-avtala forplikta seg til å følgje opp den nye vassforvaltninga. Noreg har implementert direktivet i norsk lovgiving ved ein forskrift - forskrift om rammer for vassforvaltning.

Forskriftas mål er å oppnå god kjemisk og økologisk vass-status innan 2012 for vassdrag i fyrste planfase, og innan 2021 for resten av vassdraga.

For å nå dette målet skal det lagast ein fylkesdelplan for kvar vassregion.

Gol kommune og resten av kommunane i Buskerud høyrer heime i vassegion 2 Vest-Viken saman med heile Vestfold, mesteparten av Telemark og delar av Oppland. Fylkesmannen i Buskerud var vassregionmyndighet for vassegion 2 fram til 01.01.2010. Då overtok Buskerud fylkeskommune. Fylkesmannen i Buskerud held fram som fagmyndighet.

Vassregionutvalet for vassregion 2 (Vest-Viken) vart konstituert på møte 14. februar 2007. Utvalet består av representantar frå berørte fylkesmannembeter, fylkeskommunar, kommunar og sektormyndigheter.

Referansegruppen består av andre berørte og interesserte.

Krav om endring av konsesjonsvilkår for regulerte vassdrag

Hemsilvassdraget

Les Kravsdokument (PDF) som er sendt til NVE for handsaming.