Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ulike tilskot

Gol kommune har som mål å støtte organisasjonar og tiltak/aktivitetar som sikrar breidda og mangfaldet i kulturlivet.
Det blir lagt særleg vekt på stønad til barne- og ungdomsorganisasjonar/aktivitetar, drift av bygg/anlegg og aktivitetar/tiltak.

Kommunale tilskot kan bli gitt til organisasjonar, personar og institusjonar i Gol kommune, og til regionale organisasjonar som har medlemer i Gol

Tilskotsordningane er avhengige av at det til einkvar tid blir løyvd nok midlar til å gjennomføre ordningane.

Tilskot til kulturarrangement/tiltak

Kven kan søkje ?

Frivillige lag og organisasjonar i Gol kommune, samt frivillige regionale organisasjonar som har medlemer og aktivitet i Gol.

Tilskot til kulturarrangement/tiltak kan bli gitt til:

a) Tilskiping av teater, konsertar, utstillingar og andre kunst- og kulturformidlingstiltak. Tilskot blir gitt til å dekke utgiftene til honorar (inkl. reise/diett/overnatting), husleige og marknadsføring.

b) Tilskiping av lokale kurs/konferansar. Tilskot blir gitt med inntil 50 % av utgiftene til honorar (inkl. reise/diett/overnatting), husleige og marknadsføring.

c) Eventuelle større arrangementer. Det kan gis tilskot til større arrangementer og med tildeling av høgare tilskot.
Dette etter særskild vurdering. Kontakt kulturavdelinga for nærare avklaring.
Tilskotet blir betalt ut etter forenkla søknad lagt fram seinast 2 veker før arrangementet skal gjennomførast.
Søknaden skal innehalde ein kort beskrivelse av arrangementet (innhold, målgruppe, tid og stad), eit budsjett med alle inntekter og utgifter, søknadsbeløp (5 eller 10.000 kr), opplysning om kontonummer kvar tilskotet skal utbetales til.
Søknaden sendast til postmottak@gol.kommune.no

Det kan søkjast om tilskot på kr. 5.000,- eller kr. 10.000,- etter forenkla søknad per arrangement. Ved arrangement der kulturleiar har grunn til å tru at det kan bli balanse i rekneskapen utan tilskot, kan stønad gjevast som garanti mot underskot.

Det skal gå klart fram ved all annonsering at tiltaket/arrangementet er støtta av Gol kommune - kulturavdelinga.

Søknadsfrist er seinast 2 veker før gjennomføring av arrangementet/tiltaket

Driftstilskot til lokale organisasjonar

Tilskot til lokale organisasjonar er samansett av følgjande stønadsformer:

-         Medlemstilskot

-         Aktivitetstilskot

-         Tilskot til leiarutdanning

-         Leigetilskot

-         Driftstilskot til bygg/anlegg

Vedlegg til søknaden:

-         Årsmelding.

-         Rekneskap og medlemsregister (pr. 31.12) attestert av      årsmøtevald eller registret revisor.

-         Samansetning av styret.

-         Andre krav til vedlegg går fram under den einskilde stønadsform

Søknadsskjema

Medlemstilskot

Medlemstilskot blir berre gitt til organisasjonar med barne- og ungdomsmedlemmer (under 18 år).Tilskotet er meint som stønad til organisasjonen sine vanlege administrasjons-/driftsutgifter og aktivitetar som t.d. telefon/porto, utstyr/materiell, deltaking på landsmøte/kretsmøte/kurs/samlingar o.l.

Medlemstilskotet blir gitt med:
kr. x til barne- og ungdomsmedlemer (under 18 år).

Velforeiningar og grendalag blir ikkje gitt tilskot knytta til medlemstal

Aktivitetstilskot

Aktivitetstilskotet blir gitt til organisasjonar til planlagte aktivitetar for barn og ungdom med minst 5 deltakarar under 18 år.

Aktiviteten skal vare i minst 45 min. og må vere bestemt/vedtatt av organisasjonen sitt styre, medlemsmøte eller tilsvarande dersom den skal kunne reknast som planlagt.

Tilskot blir berre gitt til lokale aktivitetar, og blir berre gitt ein gong pr. dag og gruppe uansett talet på deltakarar og lengden på aktiviteten.

Tilskot blir gitt med kr. x pr. samankomst med 5 t.o.m. 19 deltakarar og med kr. x pr. samankomst med 20 eller fleire deltakarar.

Det blir ikkje gitt tilskot til aktivitetar/samankomstar der det blir kravd inngangspengar. Det blir heller ikkje gitt tilskot til studiesirklar, kommersielle arrangement eller tilskipingar/andre spesielle tiltak som blir støtta over andre tilskotsformer i retningslinene.

Aktivitetstilskot-søknad

Tilskot til leiarutdanning

Tilskot til leiarutdanning blir gitt til organisasjonar som har hatt tillitsvalde på leiarutdanningskurs som har å gjere med vedkomande sitt arbeid i organisasjonen.

Tilskot blir gitt med:

-         Inntil 100 % av kursavgift - max. kr. 300 pr. dag.

-         Til reiseutgifter kr. 0,50 pr. km.

Tilskotet blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg:
Spesifisert oversyn over utgifter. Opplysningar om deltakarar (namn/verv), kursarrangør, kursprogram, lengde, kursavgift og evnt. andre opplysningar som kan vere av verdi.

Leigetilskot

Leigetilskot blir gitt til organisasjonar til leige av lokale til aktivitetar for barn og ungdom (under 18 år).

Tilskot blir gitt med inntil 75 % av betalt leige.

Det blir ikkje gitt tilskot til leige av lokale til aktivitetar der det blir kravd inngangspengar, kommersielle arrangement eller tilskipingar som blir støtta over andre tilskotsformer i retningslinene.

Tilskot blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg:

-         Spesifisert oversyn over betalt leige.

Driftstilskot til bygg og anlegg

Driftstilskot blir gitt til organisasjonar som har eigne bygg/anlegg som kontinuerleg blir nytta i organisasjonen si verksemd.

Driftstilskotet blir gitt med inntil 75 % av kostnadene til drift og vedlikehald samt små reparasjonar. Eventuelle inntekter skal oppjevast og trekkast frå før tilskotet blir bestemt.

Følgjande utgifter/inntekter kan inngå i tilskotsvurderinga:

Utgifter:

  • Løn vaktmeister/reinhald
  • Vedlikehald/små reparasjonar
  • Reinhaldsmiddel
  • Strøm/fyring
  • Kommunale avgifter/forsikring

Inntekter:

  • Leigeinntekter
  • Arenareklame
  • Salsinntekter (kiosk o.l.)
  • Andre inntekter knytta til bruken av bygget/anlegget (som t.d. stevneinntekter, parkeringsinntekter, gåver og tilskot frå andre kjelder).

Tilskot blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg

Spesifisert oversyn over inntekter/utgifter.

Kultur-og idrettsstipend for ungdom, prosjekttilskot og arrangementstilskot/underskuddsgaranti

På grunn av innsparingar i kommunen er det diverre ikkje midlar til desse tilskota.

Spelemidlar

Frist for å søkje er 15.oktober 2022

Alle søknader skal sendast elektronisk på www.anleggsregisteret.no

Kulturavdelinga kan hjelpe til med søknadsprossesen.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar for kultur

Mads Elbrønd
Telefon 409 16 449
Epost mads.elbrond@gol.kommune.no