Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Helsestasjon 0-5 år

Helsetilbod for barn, unge og vaksne. Opningstider og kontaktinformasjon for Helsestasjon.

Helsestasjon 0–5 år er eit gratis tilbod for alle barn og familiane deira. Barnet får helseundersøking og tilbod om vaksinar gjennom det nasjonale helsestasjonsprogrammet. Nokre familiar får tilbod om individuell oppfølging utover programmet.

Barnets føresette får informasjon om ulike tema, og dessutan støtte til meistring og positiv utvikling for barnet deira. Tema som kan vere aktuelle for føresette å snakke med helsestasjonen om kan for eksempel vere utviklinga av barnet og helse, grensesetting, foresattes trivsel og samarbeid, søvnen til barnet eller kosthaldet til familien.

Vi tilbyr òg systematisk foreldrerettleiing etter behov.

Les meir om helsestasjonstilbodet her:
Helsestasjon 0–5 år – helsenorge.no

Kontaktinformasjon og opningstid

Gol helsestasjon held i hovudsak ope måndag til fredag frå klokka 09:00 til 15:00.

Adresse: Gamlevegen 4, 3550 Gol. Du finn oss i 2. etasje over legekontoret.

Du kan kontakte oss på vegner av barnet ditt via innloggede tenester i www.helsenorge.no eller på telefon 32 02 92 15.

Kontaktinformasjon til fagleiar for helsestasjonstenesta 0–5 år:

Runa Lyngvi, runa.lyngvi@gol.kommune.no, tlf.: 32 02 92 15

Timebestilling

Det blir avtala ny konsultasjon for barnet ditt frå gong til gong. Timeinnkalling og påminning blir send via Helsenorge eller pr. sms.
Ta kontakt med oss dersom du ikkje har fått neste time til barnet ditt.

Via innloggede tenester på helsenorge.no kan du be om ny time, avbestille planlagt timar eller vende deg med helserelaterte spørsmål til han som følgjer opp barnet ditt på ein sikker måte.

Les meir om korleis du representerer barnet ditt på helsenorge.no: slik representerer du andre - helsenorge.no

Oversikt over dine vaksiner

På helsenorge finn du opplysningar om kva sykdommar du er vaksinert mot, og når vaksinen er sett. Har du barn under 16 år, kan du òg sjå vaksinane deira.

Oversikt over vaksiner - helsenorge.no

Barnevaksinasjonsprogrammet

Vaksinasjon går føre seg på helsestasjon fram til barnet når skulealder. Barnet får tilbod om den første vaksinen ved 6 vekers alder, og dei neste vaksinane vil bli tilbode høvesvis ved 3, 5, 12 og 15-månaders alder. Barn med foreldre frå land med høg førekomst av tuberkulose vil i løpet av dei første levemånadene få tilbod om BCG-vaksine. Ved samtykke til vaksinasjon blir informasjon sendt til nasjonalt vaksinasjonsregister etter kvart som barnet blir vaksinert.

Du kan finne oversikt over vaksinane barnet ditt har fått på helsenorge.no.

Les meir om det norske barnevaksinasjonsprogrammet her:
Barnevaksinasjonsprogrammet – FHI

Gruppetilbod

Barseltreff

Alle foreldre blir inviterte til eit barseltreff i løpet av dei fyrste månadene etter fødsel. Kvar barselgruppe består av 5–8 barn og han av barnets føresette som er i permisjon. I barselgruppa kan du dele erfaringar og tankar med andre foreldre med barn på same alder. Eit godt foreldrenettverk kan vere med på å skape tryggleik for de som foreldre og for barna deira.

Tematreff

Foreldre til barn under 2 år vil bli invitert til månadlege tematreff der ulike samarbeidspartnarar presentere fagleg innhald knytt til barn og foreldreskap. Det vil bli tid til å ta ein prat med andre foreldre til barn på same alder – på tvers av barselgrupper og barnehagekretsar. Informasjon om det neste tematreffet vil alltid finst på helsestasjonen sin infoskjerm eller facebookside. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har ønske eller innspel til aktuelle tema!

Pappa/partnarkaffi

Alle fedrar/partnarar blir invitert til eit treff på helsestasjonen når barnet er mellom 3–6 månader, for å bli kjent med andre som skal ut i permisjon etter kvart. Invitasjon til dette vil komme i Helsenorge eller per post.

Tverrfagleg samarbeid

Helsestasjonslege og barnefysioterapeut

Barnet ditt vil bli undersøkt av helsestasjonslege ved fleire anledningar – ved 6 veker, 6 månader, 12 månader og 2 år. Rundt 4-månaders alder blir barnet ditt tilbode ei undersøking av fysioterapeut. Barnet får òg tilbod om ein gruppeobservasjon i barnehagen i forkant av 4-årskontrollen. Er det noko dei som foreldre eller vi på helsestasjonen lurar på om utviklinga av barnet kan det vera aktuelt å samarbeide med helsestasjonslege eller fysioterapeut utanom desse konsultasjonane.

Barnehage

Helsestasjonen samarbeider med barnehagen i forbindelse med 4årskontrollen og elles ved behov – dersom det ligg føre samtykke frå barnets føresette. Eksempel på situasjonar der helsestasjonen ønsker å samarbeide med barnehagen til det beste for barnet kan vere dersom det er undringar knytte til barnets sosiale-, språklege- eller motoriske utvikling, utfordringar med grensesetting eller kosthald.

Psykisk helseteneste i kommunen

Helsestasjonen samarbeider tett med psykisk helseteneste i kommunen dersom barnets føresette har behov for støtte ein periode.

Familievernkontoret

Vi veit at mange ting i eit forhold kan vere utfordrande i periodar. Barn treng at foreldra samarbeider så godt som mogleg, og det kan vere fint å prioritere parforhold og familieliv før situasjonen blir opplevd fastlåst. Ein måndag i månaden er Hallingdal familievernkontor tilgjengeleg på Gol helsestasjon for støttesamtalar med de som familie, par eller enkeltpersonar. Helsesjukepleiar som kjenner deg og familien kan vere med på samtalen dersom du ønsker det. Ta kontakt med oss for meir informasjon eller reservasjon av time.

Les meir om familievernkontoret her:
Ringerike – Hallingdal avd. Hallingdal – Familievernet i kyrkja

Treng du hjelp?
Amming og ernæring
Barnets utvikling
Praktiske råd (sjukdom, tannstell, hudpleie etc)
Rettleiingsfilmar
Sikkerheit
Foreldreskap