Vesterhuset barnehage
Vesterhuset barnehage ligg sentralt i Gol inntil bustadfelta Vesterhuset og Heslarystadn ca 1 km frå øvre del av Gol sentrum.
- Barnehagen har fire avdelingar.
- Avdelingane heiter Lia, Reppen, Botten og Åsen.
- Barnehagen er godkjent for inntil 84 plassar.
- Barnehagen har to småbarnsavdelingar med barn på 1-2 år og 2-3 år.
- Dei to andre avdelingane har barn i alderen 3-5 år.
Avdelingane Lia og Reppen ligg i same etasje med noko felles leikeareal. Botten ligg i underetasjen, og Åsen ligg i same etasje som de to store avdelingane.
Det er eit godt samarbeid på tvers av avdelingane slik at store og små får leike i lag. I nærleiken av barnehagen er det ein fine turmoglegheiter.
Barnehagen har ei grillhytte som barna ofte besøkjer.
Barnehagen har gode tradisjonar på å arbeide med lokal kultur, spesielt dialekt, song, dans og musikk.
Verdi for arbeidet i Vesterhuset er livsmeistring og helse i eit inkluderande leikemiljø der gleding, vennskap og trivsel er viktig.
I Vesterhuset barnehage har vi fokus på eit sunt og variert kosthald. Barna får servert frukt og grønt kvar dag, og to dagar i veka får dei lunsj i barnehagen. Éin av desse dagane inkluderer eit varmt måltid levert frå kjøkkenet på Gol Helsetun. Dei tre andre dagane til lunsj har barna med seg matpakke heimanfrå. Barn som kjem til frukost, har også med seg frukost. Vi legg stor vekt på å tilby næringsrike måltid som gir barna energi, trivsel og eit godt grunnlag for leik og læring gjennom dagen.
Årsplan 2025 Vesterhuset barnehage (PDF)
Kontaktinformasjon
Styrar
Nina Stensgård
Telefon: 32 02 90 25
E-post: nina.stensgard@gol.kommune.no
Assisterande styrar
Ingunn Svensgård
Telefon: 32 02 90 25
E-post: ingunn.svensgard@gol.kommune.no