Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Klaras familiebarnehage - privat

Privat familiebarnehage med dobbel gruppe, inntil 8 barn i alderen 0-3 år (småbarnsavdeling)
Barnehagen held til i Tronderudvegen 5 B rett opp for Gol sentrum, ikkje så langt frå Hallingmo idrettspark.

Opningstid kl. 7.30 - 16.30

I tillegg til to barne - og ungdomsarbeiderar/assistentar skal det vere ein barnehagelærar som er rettleiar i barnehagen inntil 30 % stilling pr. veke ved dobbel gruppe barn.

Familiebarnehagen har lokale i heimen til den eine barne - og ungdomsarbeidaren.

I Klaras familiebarnehage disponerer barnehagen eige rom i underetasjen på huset. Barna kan derfrå gå rett ut på leikeplassen utanfor huset.
Den ligg skjerma til med mykje fin natur rundt.

Vi legg vekt på at det einskilde barnet skal få utfordringar etter eigen føresetnad, dei skal kjenne seg trygge og få den omsorga dei har behov for.

Årsplan og vedtekter

Årsplan 2024 Klaras familiebarnehage (PDF)

Vedtekter for Klaras familiebarnehage (PDF)

Kontaktinformasjon

Eigar/barne - og ungdomarbeidar

Klara Magnetun Brotnow

Telefon: 473 02 691

E-post: kl-magne@online.no