Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Breidokk barnehage med naturavdeling Hallingmo

Breidokk barnehage ligg sentralt i Gol sentrum og har to separate hus. Hovudbarnehagen ligg rett aust for helsetunet, og ein avdeling ligg rett aust for vidaregåande.
Det er gangavstand på ca. 700 meter mellom barnehagebygga.

Avdelingane har felles leiing og eit godt samarbeid mellom borna og dei tilsette.

  • Barnehagen har til saman fire avdelingar.
  • Avdelingane heiter Stabburet, Løa og Stallen med besøksadresse Tunvegen 3.
  • Avdeling Hallingmo med besøksadresse Gymnasvegen 21 er naturavdeling.
    • Naturavdelinga har tre faste turdagar i veka og legg ekstra vekt på gode naturopplevingar, turglede og fysisk fostring.
  • Barnehagen er godkjent for inntil 84 plassar.
  • Barnehagen har to småbarnsavdelingar med barn på 1-2 år og 2-3 år
  • Dei to største avdelingane har barn i alderen 3-5 år

Det blir lagt vekt på å sjå avdelingane i ein heilskap. Ein del fri leik og aktivitetar er felles.
Dei to avdelingane med store barn samarbeider minst ein gong i veka om skuleførebuande aktivitetar. Det same  gjer tre- og fire åringane.

Avdeling Løa har faste leikeaktivitetar ein gong i veka saman med den private familiebarnehagen.

Alle barn i barnehagen skal få oppleve glede av å være ute saman. I gangavstand frå barnehageavdelingane ligg leirplass med grillhytte, eit variert nærmiljø med idrettsarenaer, skog og mark.
Barnehagen får også disponere den store salen til ungdomsklubben i underetasjen til hovudhuset ved behov. 

Barnehagen har barn frå ulike kulturar og ynskjer å vere ein barnehage som legg stor vekt på omsorg, trivsel og tryggleik for alle, og arbeide spesielt for eit inkluderande leikemiljø.

Årsplan 2024 Breidokk barnehage med Hallingmo (PDF)

Kontaktinformasjon

Styrar

Marita Magnetun

Telefon: 32 02 91 20

E-post: marita.magnetun@gol.kommune.no

Assisterande styrar

Marie Bjørke

Telefon: 32 02 91 20

E-post: marie.bjorke@gol.kommune.no