Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vinnarar av Kulturprisen 2024

Kvart år blir gode kandidatar fremja til kulturprisen, og i år vart det delt ut to prisar. Dei gjekk til Tor Risdal Stavenes og Gol Spel- og dansarlag.

Bilete av representantar frå Gol Spe- og dansarlag, og Tor Stavenes.

Gol Spel- og dansarlag har fått mykje merksemd etter ein vellystig landskappleik sist sommar, noko som har styrka det positive omdømet til Gol.

Tor Risdal Stavenes, kjend som Seidemann, er ein sentral musikar innan norsk ekstremmetal og har bidratt til den internasjonale kjensla av golsk musikk. Som grunnleggar av bandet Svart Lotus og bassist i black metalbandet 1349, har han spela på store festivalar over heile verda. Både Stavenes og danse- og spelarlaget oppmuntrar unge talent og viser at det er mogleg å oppnå suksess frå ein liten kommune.

Dei gir ei inspirasjon til yngre generasjonar om å følgje sine kulturinteresser og karrierevegar. Utvalet for kultur og levekår seier at begge fortener denne heideren for deira innsats og deira bidrag til å sette Gol på kartet var likt viktig.

Prisen er ein fotokollasje med bilde av bygg frå Gol av Marianne Markvad.

Sist endret: 04.03.2025