Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vil du vere med å skape kinokveld på Gol?

Kulturavdelinga i Gol kommune ser etter frivillige som har lyst til å bidra til å starte og drive bygdekino på Gol.

Du treng inga erfaring frå før, berre interesse for film og lyst til å vere med på å gi folk gode kinoopplevingar lokalt. Kinoen set opp filmar 1–2 gongar i månaden, og vi treng nokre hyggelege folk til å hjelpe til.

Høyrest det spennande ut? Send ein e-post til are.haukaas@gol.kommune.no for meir info.

Sist endret: 03.10.2025