Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne inviterer til ein tverrpolitisk kveld for alle som ønskjer å lære meir om lokalpolitikk.
Kvelden passar både for deg som er engasjert, nysgjerrig eller berre ønskjer å forstå meir om korleis lokalpolitikken fungerer. Du treng ikkje vere medlem i eit politisk parti, og du treng heller ikkje ha erfaring frå politisk arbeid.
Du får ei enkel innføring i korleis kommunepolitikken fungerer, kva oppgåver dei folkevalde har, og kva du kan vente dersom du vel å engasjere deg.
Etter innleiinga blir det god tid til samtalar, spørsmål og mingling med lokalpolitikarar frå fleire parti. Det blir òg servert kaffi og enkel servering.
Tid og stad
Tysdag 27. oktober 2026 kl. 18.00–20.00
Café Hygge, Kremmartunet kjøpesenter, Gol
Velkomen til ein hyggeleg kveld på tvers av partigrensene, der målet er å bli betre kjent med lokalpolitikken og moglegheitene for å påverke utviklinga av Gol-samfunnet.