Kva er ein trafikktryggleiksplan?
Trafikktryggleiksplanen er eit viktig styringsverktøy for trafikktryggleiksarbeidet i kommunen. Planen skal legge føringar for korleis vi skal arbeide for å betre trafikktryggleiken dei neste åra.
Trafikktryggleiksarbeid handlar om å redusere risikoen for skadar og ulukker blant alle trafikantgrupper i alle aldrar. Ein trafikktryggleiksplan skal ta vare på dei viktigaste prioriteringane for å auke trafikktryggleiken i Gol kommune, og arbeidet skal vera eit bidrag for å nå dei nasjonale måla.
Fristen for innspel var 29. juni 2026.
I samband med trafikktryggleiksplanen testar Gol kommune ut ein ny måte å kome med innspel. Ta gjerne undersøkinga og si di meining!
Lenke til undersøkinga: https://aula.no/k/kartundersokelse-9alvco-kopi
Her er den eksisterande trafikktryggleiksplanen, med prioritert tiltaksliste i 2017.