Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Tilskot til inkludering av barn og unge 2026

Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” er nå lyst ut for 2026.

De finn informasjon på Bufdirs nettsider.

Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søke:

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Frist for å søke:

31. oktober 2025

Slik søker du:

1) Sett deg inn forskrifta og informasjonen på ordninga si nettside

2) Send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå tilskotsordninga si nettside for unntak frå denne

regelen). De kan søke om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordninga si nettside for meir informasjon om desse)

Etter at du har sendt søknaden - slik blir søknadene behandla

Søknader som er sende inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på avgjerande politisk eller administrativt nivå.

Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vere informasjon på Bufdirs nettsider om forventa saksbehandlingstid.

Kontaktpersonar i kommunen:

Namn: Are Bleie Haukaas, frivilligsentralen til ungdommen Gol.

Kontaktinformasjon: are.haukaas@gol.kommune.no

Sist endret: 27.10.2025