Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Storskjermvisning på Hallingmo

Gol IL inviterer, i samarbeid med Gol kommune og med støtte frå Sparebankstiftelsen Hallingdal, til vising av Noregs kvartfinale i fotball-VM 2026 på Hallingmo stadion rett ovanfor Gol sentrum.

Kom og sjå kampen ute på Hallingdals største storskjerm med topp moderne kinoprosjektor og lydanlegg 👀 🤩

Ta med familie, vener og fotballengasjement – vi skapar ein skikkeleg meisterskapskveld saman! ⚽

NB! Skulle vêret ikkje vere med oss, blir arrangementet flytta inn på Gol idrettsarena (GIA), rett ved stadion – så folkefest blir det uansett!

  • 📅 Laurdag 11. juli 2026
  • 🕗 Arrangementet startar kl. 20.00
  • ⚽ Kampstart kl. 23.00
  • 📍 Hallingmo stadion/GIA, Tronderudvegen 1, 3550 Gol
  • 🎟️ Gratis og ope for alle

Vi fyrer opp stemninga i god tid før avspark:
🌭 Kiosken held ope heile kvelden, og dei 100 første besøkjande får gratis pølse!

Ta gjerne på deg raudt, kvitt og blått, og bli med når vi heiar Noreg fram mot ein plass i VM-semifinalen!

Sist endret: 09.07.2026