Liagardsvegen over Liaåne bru i Gol blir stengt på dagtid, måndagar - torsdagar frå 29.04.2026 til veke 34, men held opent veke 29 og 30 grunna ferieavvikling.
Måndag – torsdag
- 08:00-11:00
- 12:00-16:00
Vi forstår at dette kan medføre noko ulempe i kvardagen, men vi håper på forståing for at dette tiltaket har fleire klare fordelar:
- Prosjektet går raskare – Med tydelege arbeidstider får entreprenørane jobbe meir effektivt, og vegen blir ferdigstilt tidlegare enn ved meir avgrensa framkomsttilhøve.
- Meir veg for pengane – Ved å organisere arbeidet på denne måten sparer vi både tid og pengar. Det gir betre utnytting av ressursane og eit meir kostnadseffektivt prosjekt.
- Miljøvennleg løysing – Færre stopp og mindre venting for maskiner og køyretøy betyr også lågare utslepp og mindre miljøbelastning.
Vi takkar for tolmodet og samarbeidet i anleggsperioden – saman får vi ein betre og tryggare veg, på kortare tid.