
Brakar har inngått ein utvida avtale med Nabogo om implementering av samkøyring i Hallingdal, Hemsedal, Ringerike og Hole.
– Som mobilitetsaktør har vi som mål å legge til rette for at folk skal kunne reise frå A til B. Dette kan bidra til å utvide transporttilbodet betydeleg på stadar der det ikkje går så mykje buss. Vi trur det er stort potensial for å få fleire til å reise saman gjennom denne tenesta, seier siger adm. direktør Terje Sundfjord i Brakar.
Les Brakars pressemelding om Nabogo
Slik fungerer det
Køyrer du bil, kan du registrere bilturen din i appen Nabogo. Turen din vil då bli søkbar for dei som treng nokon å sitte på med, omtrent som når du søker opp ein busstur. Potensielle passasjerar vil då kunne sende inn førespurnad om å sitte på.
Her er kortversjonen:
- Registrer deg og legg inn ein eller fleire turar (frå-til og tidspunkt).
- Be om skyss, eller tilby skyss.
- Start reisa og ha ein hyggeleg tur! Appen handterer alle transaksjonar.
Alle sjåførar i Nabogo får 15 kroner i tilskot per passasjer ein har med seg i bilen dei første 10 kilometrane. I tillegg får ein 1 krone per km per passasjer etter dei første 10 kilometrane. Med andre ord er dette ei ideell ordning for deg som ønsker å få litt hjelp til å dekke drivstoffutgifter, gjere ein innsats for klimaet eller for å hjelpe andre. Har du for eksempel ein reiseveg på 20 km, får du 25 kroner per passasjer. Har du med to passasjerar fram og tilbake fem dagar i veka, vil du få eit tilskot på 2000 kroner per månad.
Gratis for deg som har periodebillett hos Brakar
Som passasjer reiser du gratis dei første 10 kilometrane. Frå 10 kilometer betaler du 1 krone per kilometer. Har du periodebillett hos Brakar reiser du gratis heile vegen.
– Mange kombinerer samkøyring med kollektivtransport. Kanskje sit ein på til eit knutepunkt og reiser kollektivt vidare. Eller ein reiser med buss den eine vegen og samkøyrer den andre. Ofte er brukarane frå same nabolag eller arbeidsområde og kan ha felles kjende. Brukarane opplever samkøyring som trygt. Vi ønsker at kollektivtilbodet skal bli brukt meir og samkøyring skal bidra til dette, seier Kristian F. L. Amlie, i Nabogo.