Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sommar aktivitetsplan 2026

Kulturavdelinga kjøyrar som vanleg gratis aktivitetar for familiar i Gol i sommarferien frå veke 27 – 33. Det er sett opp ulike aktivitetar, både lokale og ikkje lokale, med påmelding og eit maks antal på kvar aktivitet.

Barn kan berre påmeldes saman med vaksne (familiar) på turane.

Dansekurs er for barn og unge utan vaksne.

Vi forsøker å legge til rette så alle familiar får tilbod om minimum ein aktivitet i løpet av sommaren. Erfaringane viser at vi har mange som ønsker å delta og opprettar ventelister. Om ein ikkje møter opp til påmeldt aktivitet reserverer vi oss retten til å avmelde seinare turar, og gi turane til de på ventelister. Gi oss beskjed om dei blir forhindra slik andre får plass.

Transport og inngang er inkludert i kvar enkelt aktivitet. Deltakarar skal sjølv medbringe mat og drikke.

Detaljar om oppmøte og tider mv. vil komme ved stadfesting av påmelding, men dette er aktivitetar som i hovudsak vil gå føre seg på dagtid.

Påmelding til turar er via denne lenke: https://forms.gle/L8TmMwcQszrMMwyV6

Påmelding til dansekurs:
https://forms.gle/iZorxX6

Påmeldingsfrist er 25. juni

Har du ikkje moglegheit for påmelding via lenke ta kontakt med Tenestetorget på telefon 32 02 90 00 for hjelp, eller send e-post til gol.tenestetorg@gol.kommune.no.

OVERSIKT OVER TURAR/AKTIVITETAR

Veke 27

Dansekurs 29.juni – 2.juli.

Fredag 3. juli

 

Dansekurs

Antal: 40 stk.,
Passar for barn/ungdom frå 1.klasse barneskole – til 3. vidaregåande
Oppdeling etter alder.

Oppmøte: Speilsalen Gol Idrettsarena

Eigen påmelding via lenke på siste side

Påmeldingsfrist: 25. juni

Høgt og lågt klatrepark Hemsedal eller Ål

1 buss – antal: 48 stk.

Passar for ungdommar 12+. Barn under 12 år må følgast av vaksen.

Oppmøte:

Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Veke 28

Måndag 6. juli

Fredag 10. juli

 

Hunderfossen

1 buss – antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte:

Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Busstur til Vestlandet

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte:

Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Veke 29

Onsdag 15. juli

Fredag 17.juli

 

Tusenfryd

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte: Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Aktivitetstur til Trytetjern, Nesbyen

Maks antal: 48
Familietur

Oppmøte: Gol skysstasjon

sykkel

Påmeldingsfrist: 25. juni

Veke 30

Måndag 20.juli

Fredag 24. juli

 

Øvre Årdal friluftsbad – 3 oppvarma utandørs basseng

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte:
Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Busstur til Vestlandet

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte:
Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Veke 31

Onsdag 29. juli

Fredag 31. juli

 

Aktivitetstur til Trytetjern, Nesbyen.

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte: Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Langedrag Naturpark

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte: Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Veke 32

Måndag 3.august

Fredag 7. august

 

Øvre Årdal friluftsbad – 3 oppvarma utandørs basseng

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte:
Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Tusenfryd

1 buss – antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte:

Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Veke 33

Måndag 10.august

Fredag 14.august

 

Fjelltur Hemsedal – heis og rundtur.



Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte: Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

Aktivitetstur til Trytejern, Nesbyen

Maks antal: 48 stk.

Familietur

Oppmøte: Gol skysstasjon

Påmeldingsfrist: 25. juni

INFORMASJON OM DANSEKURS VEKE 27

Er du mellom 6–18 år og bur i Gol kommune? Då synest eg du skal melde deg på dansekurset med danselærar Marte Medgard Skår! 💃🏽

Marte er frå Ål og arbeider som danselærar ved Ål kulturskule. I tillegg er ho leiar for Hallingdal dansekompani. Ho har tidlegare gått danselinja ved Trøndertun folkehøgskole og har utdanning i dans frå Bårdar Akademiet.

Ho har ein stor lidenskap for musikk og dans, og elskar å forsvinne inn i sin eigen “danseboble”. Nå gleder ho seg til å dele danseglede, energi og bevegelsesglede med deltakarane på kurset!

Kurset består av éin danseklasse kvar dag, og avsluttast med ei lita visning siste dagen for foreldre og dei andre gruppene. Målet er å ha det gøy, bli kjent og la dansegleda blomstre! 🌸

Kurset blir arrangert i veke 27, frå måndag 29. juni til torsdag 2. juli, og går føre seg i spegelsalen, Gol idrettsarena.

Vi deler deltakarane inn i grupper etter alder, og kurset er ope for alle – uansett kjønn og tidlegare erfaring med dans. ❤️

Kurset er heilt gratis! Vi har plass til rundt 40 deltakarar totalt.

👉 Meld deg på her innan 25. juni: https://forms.gle/iZorxX6

Sist endret: 15.06.2026