Kommunen vil samtidig legge planprogram for samfunnsdelen til kommuneplan for Gol ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-13.
Samfunnsdelen til kommuneplanen er verktøyet for kommunen sin heilskaplege planlegging.
Planprogrammet vart behandla av formannskapet 5. juni 2025, som sak 26/25. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, særleg for grupper som ein antek blir særleg berørt, kva alternativ som blir vurdert og behov for utgreiingar.
Dersom du har innspel til planprogrammet, kan du sende det skriftleg til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol, eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no seinast 11. august 2025.