Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Radon i hus og fritidsbustad

Logoen til Miljøretta helsevern

Hallingdal er eit område med høg risiko for førekomst av radon. Det er ikkje mogleg å seie noko om mengde radon i ein bustad utan at det blir gjort måling først. Radonkonsentrasjonen kan endrast over tid som følge av setningsskadar, ombygging, endring av ventilasjonsforhold, eller etter grave/sprengingsarbeid i nærområdet.

Miljøretta helsevern anbefaler alle som har bustad å måle radon.
Er du ein del på hytta kan det vere lurt å gjere måling der òg.

Sesongen for å måle radon er frå midten av oktober til midten av april. Du bør måle i minst to månader i denne perioden.

Miljøretta helsevern tilbyr i samarbeid med Eurofins Radonlab radonmålingar til gunstig pris. Pris per sporfilm kr 190,- inkl. mva. Frakt kjem i tillegg.

Bestill på heimesida til Radonlab.

Les meir om radon på heimesida til Miljøretta helsevern:
Måling av radon – Miljøretta helsevern Hallingdal.

Sist endret: 18.12.2024